Gardsdrift
Introduksjon
Dette dokumentet skildrar korleis gardsdrift fungerar i Tella-campaigns.
Viktige element
Garden
Garden er heile landområdet ein eig. Denne består av beitemark, dyrka mark og gardsbygningane. Ein har også utmark for sanking og skogbruk.
Gardsbygningar
På garden er floren det viktigaste huset. Deretter kjem løe, hønsehus og ande mindre hus. Sjå Spelareigde hus for alt ein kan reise. Det viktigaste talet å tenkje på er kvadratmeter-en (m2). Den seier kor mange dyr ein kan ha. Under går me litt i detalj på dei forskjellige husa og deira funksjonar.
Flor
Floren er der dyra heldt til. I vinterhalvåret er dyra inne her, samt når fødslar skal skje. Dyr som ikkje beitar er her heile året.
Løe
Løe er der ein oppbevarar kjøpe-fôr, høy og innhaustingar. Denne er viktig å tenkje på for dei som driv med plantar.
Silo
Silo er der ein oppbevarar for til sauar og kyr. Silo lagar ein med hjelp av "Silosyre", noko ein kan lage med Alkymi og gift.
Hønsehus
Hønsehus er der høns og hanar heldt til. Dersom ein skal ha høns og hanar i lag, kanskje er det greit å separere dei så ein ikkje ender opp med tusenvis av kyllingar?
Påbygg
Seinare kan ein alltids byggje på gardsbygningane sine for å få meir plass, meir plass til dyr, eller utvide buskapen med andre dyr. Det er berre kreativiteten som set grenser!
Drivhus
I Spelareigde hus kan ein ha drivhus. Dette er in mellomting mellom gardsdrift og hus, så informasjon om dette er plassert her. Dette drivhuset har plass til å plante ingrediensar til alkymi, herbalisme, mat og gift. For kvar 10 plante må ein bruke 1 time i drivhuset i veka. Dvs. har ein 4 plantar må ein vere der 1 time, men har ein 11 plantar må ein vere der 2 timar. Ein kan oppgradere drivhuset så ein slepp å nytte så mykje tid der, og til slutt ikkje i det heile tatt. Kvar plante leverar 10 dosar på det meste, og regenererar 1 ny dose i veka. Er ein ikkje i drivhuset den veka, halverast dosane på alle plantane.
Landområde
Landområde er alle areala garden din har. Dette kan vere forskjellige typar biomar, så pass på at du velgjer beset biomen for di type drift.
Arbeid
Mykje av arbeidet på ein gard kan ein gjere sjølv, men dette er altoppslukande. Dersom ein vil sleppe å måtte bruke heile dagar på gardsarbeid, kan ein hyre inn arbeidskraft for å gjere arbeidet. Vanleg arbeidskraft er 1 gp per dag, og det vert forventa at ein stiller med kost og losji. Dersom berre losji, er prisen for ein arbeidar 1 gp og 5 sp per dag.
Forpaktarbolig og arbeidarbolig
Dei som arbeider på garden må ha ein plass og bu. Dette kan vere forpaktarbolig for familiar som bur og jobbar på garden din, eller arbeidarbolig med plass til 4 for einslege. Velg det som passar garden din best!
Fôr
For å forenkle prosessen rundt fôr, krever alle dyr samme kjøpe-fôr. Dette kan ein kjøpe i butikkar og hjå andre gardsbrukarar. Ein kan også lage for sjølv, kalla silo (sjå Alkymi og gift for å lage) for å servere til dyra som et dette (sau, kyr). Høy kan ein lage for hestar, matrester for grisar, og korn for høns. Sjå eige kapittel under for å lage fôr.
Møkk
Dyr produserar møkk. Denne kan man enten ta vekk, eller ein kan nytte på jordene sine.
Maskiner
På garden er det ein del maskiner ein kan nytte dersom ein har laga disse. Sjå Snekring for
Random events
Kvar natt til måndag rullar DM 1d100 for å sjå om det skjer ein random event på garden. Deretter 1d8 for kva dag det skjer. 8 er "slepp unna med skrekken". Dette kan vere ting som sjukdom, død, tyveri og anna.
Sal av produkt
Hugs at det ikkje er automatisk at ein får selge alt ein lagar automatisk. Det er lurt å inngå handelsavtalar sånn at ein ikkje set igjen med uselde ting. Dette kan vere daglege avtalar for kontinuerleg produsjon, vekentlege avtalar for den hyppigheita, samt for kvar månad og år også. Har ein ikkje kjøpar, får ein ikkje pengar!
Mekanikkar
Dyrehald
Dyrehald er den kontinuerlige prosessen med å sjå til dyra på garde, ha livsløpet på dei, samt da byte frå dei. Under er fleire konkrete mekanikkar skildra.
Holde oversikt
Ein bør ha god oversikt på gjeremåla for garden. DM jobbar i det stille, men spelarane må sjølv holde kontroll på når dei skal gjere kva. Kanskje lurt å bokføre alle inntekter og utgifter sånn at ein kan gjere riktige val undervegs?
Formering
Formering skjer enten ved hjelp av den naturlege måten, eller assistert. Når dyra er befrukta, kan ein etter 10 % av svangerskapet gjere ein DC 15 Animal Handling-sjekk for å sjekke om befruktninga har vert good. Dersom ein ikkje får sjekka dette, kan ein prøve att etter 10 % til av svangerskapet. For kvar gong ein ventar synker DC med -1. Etter 50% vil det vere Auto OK.
Fødsel
Når fødsel er i gang er det berre å gje gass. Dette kjem vanligvis når det skal, men kan variere litt. Ein må i alle fall vere klar når det skjer, og gjere det ein kan med Animal Handling-sjekkar. Dersom ein ikkje er der, vil naturen gå sin gang, men berre 1d100 % runda opp av avkomma vil overleve. Dersom arbeidarar på garden hjelper, rullar ein rullen med advantage. Det aller beste er å vere der sjølv når det skjer og rulle sjølv, sjølv om det kan gå ut over long rest...
Gardsdyr
Under er ei oversikt over forskjellige typar gardsdyr eik kan ha på garden.
Vaksne
| Dyr | Vekt | Levetid (år) | Matkrav per dag | Kostnad (Innkjøp) | Plasskrav | Møkk | Svangerskap | Avkom | Kan beite (Firmånad -> Nimånad) | Produkt |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Hest (Ride) | 1.200 lb | 25-30 | 25 lb | 75 gp | 20 m2 | 4 gallons | 11 månadar | 1 føll | Ja | - |
| Hest (Trekk) | 1.000 lb | 25-30 | 25 lb | 50 gp | 15 m2 | 4 gallons | 11 månadar | 1 føll | Ja | - |
| Okse | 2.000 lb | 10-15 | 40 lb | 15 gp | 10 m2 | 8 gallons | - | - | Ja | - Sjå Slakting |
| Ku | 1.500 lb | 15-20 | 50 lb | 10 gp | 10 m2 | 7 gallons | 9 månadar | 1 (2 er skjelden) | Ja | - Sjå Slakting - Mjelk (6 gallons dagen) |
| Gris (Råne) | 750 lb | 6-10 | 8 lb | 5 gp | 2 m2 | 1,5 gallons | - | - | Nei | - Sjå Slakting |
| Gris (Purke) | 600 lb | 8-10 | 7 lb | 3 gp | 2 m2 | 1,5 gallons | 3 månadar | 8-14 grisungar | Nei | - Sjå Slakting |
| Sau (Vær) | 250 lb | 8-12 | 5 lb | 3 gp | 2 m2 | 0,5 gallons | - | - | Ja | - Sjå Slakting - Ull (10 lb i året) |
| Sau (Søye) | 200 lb | 10-12 | 4 lb | 2 gp | 2 m2 | 0,5 gallons | 5 månadar | 1-3 (nokon 3) lam | Ja | - Sjå Slakting - Ull (10 lb i året) |
| Geitebukk | 150 lb | 10-15 | 6 lb | 1 gp og 5 sp | 2 m2 | 0,5 gallons | - | - | Ja | - Sjå Slakting |
| Geit | 125 lb | 10-15 | 5 lb | 1 gp | 2 m2 | 0,5 gallons | 5 månadar | 1-3 killingar | Ja | - Sjå Slakting - Mjelk (1/2 gallon dagen) |
| Hane | 7 lb | 5-8 | 1/4 lb | 5 cp | 0,25 m2 | - | - | - | Nei | - Sjå Slakting |
| Høne | 5 lb | 5-10 | 1/4 lb | 2 cp | 0,25 m2 | - | 3 veker (ruging) | 8-15 egg pr. kull | Nei | - Sjå Slakting - Egg (1 stk om dagen) |
Ungdyr
| Dyr | Vekt | Drektigheit | Matkrav per dag | Kostnad | Plasskrav | Møkk |
|---|---|---|---|---|---|---|
| Føll | 150 lb | 18 månadar | 6 lb | 10 gp | 7 m2 | 2 gallons |
| Kalv | 100 lb | 12 månadar | 10 lb | 3 gp | 5 m2 | 3 gallons |
| Grisunge | 4 lb | 7 månadar | 2 lb | 2 gp | 1 m2 | 0,5 gallons |
| Lam | 12 lb | 6 månadar | 2 lb | 1 gp | 1 m2 | 0.25 gallons |
| Kje (Killing) | 10 lb | 7 månadar | 2 lb | 5 sp | 1 m2 | 0.25 gallons |
| Kylling | 1/2 lb | 5 månadar | 1/10 lb | 1 cp | 0,1 m2 | - |
Lage fôr
Under kjem ein tabell som viser korleis ein kan lage eige fôr utan å kjøpe det på butikk.
| Fortype | Dyr | Prosess |
|---|---|---|
| Høy | Hest | Gras må tørkast for å kunne verte høy. Det gjer ein ute på slåttemarkane. Dersom det regnar under tørking, må ein starta på nytt. Her er reglar: - Sol og vind -> 2 dagar - Sol og ingen vind -> 3 dagar - Overskya -> 4 dagar |
| Silo | Okse, kyr, sau, geit | Gras må pakkast i silo med "Silosyre". Det må nyttast 1 gallon syre på 2000 lb gras. Dette setter in til i siloen undervegs. |
| Skrapmat | Griser | Ein kan lage skrapmat med å ta gammal mat, fruk, dyr, og anna for å lage skrapmat. Dette har ikkje så lang holdbarheit, men kan funke bra for å spare pengar. |
| Korn | Høns | Korn tar ein rett frå planten, og dette kan serveres rett til dyret. Den mest brukte korntypen til dette formålet er kveite. |
Planting
Planting er ein sirkulær prosess med førebuing, planting, vedlikehald og innhausting. Under er forklaring på korleis denne prosessen fungerar.
Harving / Ploging
Første steget før ein plantar er å harve / ploge marka. Dette kan ein gjere for hand, men det er anbefalt å lage seg plog for dette arbeidet. Dersom ein gjer det for hand, tar det 15 timar å ploge 1 dekar. Ein kan berre arbeide 8 timar med dette per dag, så to dager er nødvendig.
Planting
Å plante er neste prosess. Da bruker ein tid på å sette plantane riktig i jorda.
Gjødsling
Ein kan gjødsle 1 dekar mark med 1.000 gallons møkk, og dette tar 4 timar for 1 person. Med gjødsel rullar DM utbytte med advantage.
Innhausting
Til slutt haustar ein inn det ein har sådd. Dette vert i hovudsak med muskelkraft, men seinare kan ein lage maskiner til å hjelpe seg. Sjå Snekring for meir info.
Plantetypar
Alle tider og mengder er oppgitt for å arbeide med 1 dekar (1.000m2). Gang opp med mengden man trenger.
| Type | Kva er det | Plantetidspunkt | Innhaustingstidspunkt | Utbytte / Yield | Voksetid | Såmengde | Frø/Plante-kostnad per lb / stk | Plantetid | Innhaustingstid (8-timarsdagar) |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Gras | Fôr | Firmånad til Åttmånad | Seksmånad til Åttmånad | 2000 lb pr. slått | 3 månadar (2 slåtter) | 5 lb frø | 6 cp | 1/2 dag | 1 dag |
| Kveite | Korn | Femmånad | Åttmånad til Nimånad | 4d100 + 700 lb | 2d10 + 100 dagar | 50 lb frø | 6 cp | 1 dag | 2 dagar |
| Havre | Korn | Femmånad | Åttmånad til Nimånad | 4d100 + 700 lb | 2d10 + 100 dagar | 40 lb frø | 6 cp | 1 dag | 2 dagar |
| Bygg | Korn | Femmånad | Åttmånad | 4d100 + 900 lb | 2d10 + 90 dagar | 40 lb frø | 6 cp | 1 dag | 2 dagar |
| Ris | Korn | Firmånad til Femmånad | Åttmånad til Timånad | (1d100 * 33) + 4400 lb | 3d10 + 120 dagar | 75 lb frø | 1 sp | 2 dagar | 4 dagar |
| Bønner | Grønsaker | Femmånad | Åttmånad til Nimånad | (1d100 * 15) + 1800 lb belger | 2d10 + 90 dagar | 45 lb frø | 1 sp og 2 cp | 2 dagar | 3 dagar |
| Pota | Grønsaker | Femmånad | Åttmånad til Nimånad | (1d100 * 33) + 3300 lb | 3d10 + 90 dagar | 600 lb settepota | 4 cp | 2 dagar | 4 dagar |
| Mais | Grønsaker | Femmånad | Nimånad | (1d100 * 8) + 1400 lb | 2d10 + 110 dagar | 15 lb frø | 4 sp | 2 dagar | 3 dagar |
| Gulrot | Grønsaker | Femmånad | Åttmånad til Timånad | (1d100 * 22) + 2200 lb | 3d10 + 90 dagar | 4 lb frø | 1 gp og 5 sp | 2 dagar | 3 dagar |
| Kålrot | Grønsaker | Femmånad til Seksmånad | Nimånad til Timånad | (1d100 * 22) + 4400 lb | 3d10 + 110 dagar | 2 lb frø | 1 gp og 2 sp | 2 dagar | 3 dagar |
| Lauk | Grønsaker | Firmånad til Femmånad | Åttmånad til Nimånad | (1d100 * 22) + 2200 lb | 3d10 + 100 dagar | 80 lb settekøk | 1 sp | 2 dagar | 4 dagar |
| Salat | Grønsaker | Firmånad, så igjen i Seksmånad | Seksmånad, så igjen i Åttmånad | 5d100 + 500 hovuder | 2d10 + 50 dagar | 1 lb frø | 2 gp og 5 sp | 2 dagar | 3 dagar |
| Sukkerbeter | Grønsaker | Firmånad til Femmånad | Nimånad til Timånad | (1d100 * 30) + 6000 lb | 3d10 + 140 dagar | 10 lb frø | 3 sp | 1 dag | 2 dagar |
| Tomat | Grønsaker | Femmånad | Sjumånad til Nimånad | (1d100 * 44) + 4400 lb | 3d10 + 80 dagar | 300 småplantar | 4 cp | 3 dagar | 5 dagar |
| Agurk | Grønsaker | Femmånad | Sjumånad til Nimånad | (1d100 * 22) + 3300 lb | 2d10 + 50 dagar | 300 småplantar | 4 cp | 2 dagar | 4 dagar |
| Paprika | Grønsaker | Femmånad | Sjumånad til Nimånad | (1d100 * 22) + 2200 lb | 3d10 + 90 dagar | 300 småplantar | 5 cp | 3 dagar | 5 dagar |
| Bomull | Klede | Firmånad til Femmånad | Nimånad til Timånad | 4d100 + 600 lb | 3d10 + 140 dagar | 10 lb frø | 5 sp | 1 dag | 3 dagar |
| Tobakk | Dop | Firmånad til Femmånad | Åttmånad til Nimånad | (1d100 * 10) + 1500 lb (400-700 lb tørka) | 3d10 + 120 dagar | 0,2 lb frø | 2 gp | 1 dag | 2 dagar |
| Frukthumle | Humle | Firmånad til Femmånad | Åttmånad til Nimånad | 1375 lb (275 lb tørka) | 3d10 + 120 dagar | 400 stiklinger | 4 sp | 3 dagar | 5 dagar |
| Bitterhumle | Humle | Firmånad til Femmånad | Åttmånad til Nimånad | 1500 lb (300 lb tørka) | 3d10 + 120 dagar | 350 stiklinger | 5 sp | 4 dagar | 6 dagar |
| Sitrushumle | Humle | Firmånad til Femmånad | Åttmånad til Nimånad | 1250 lb (250 lb tørka) | 3d10 + 120 dagar | 300 stiklinger | 4 sp og 5 cp | 4 dagar | 6 dagar |
Frukttrer, bær og nøtter
Alle tider og mengder er oppgitt for å arbeide med 1 dekar (1.000m2). Gang opp med mengden man trenger. For å sjå produkt ein kan lage, sjå Matlaging og Brygging.
| Tretype | Plantetidspunkt | Innhaustingstid | Voksetid før første høst | Årlig utbytte (lb/dekar) | Kortid klar (dagar frå nyttår) | Mengde frø | Frø-kostnad (gp) | Plantetid (timar) | Innhaustingstid (timar, 8 pr. dag) |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Eple | Vår | Seinsumar-haust | 3-5 år | (1d100 * 30) + 13.500 lb epler | 3d20 + 180 dagar | 40 trer | 1 gp pr. frø | 10 timar | 30 timar |
| Pære | Vår | Seinsumar-haust | 4-6 år | (1d100 * 24) + 12.000 lb pærer | 3d20 + 180 dagar | 35 trer | 1 gp pr. frø | 9 timar | 28 timar |
| Banan | Tidlig vår | Sumar | 1–2 år | (1d100 * 50) + 23.500 lb bananer | 3d20 + 152 dagar | 200 plantar | 5 sp pr. skudd | 12 timar | 35 timar |
| Plomme | Vår | Sumar | 3-4 år | (1d100 * 20) + 9.000 lb plommer | 3d20 + 152 dagar | 30 trer | 1 gp pr. frø | 8 timar | 25 timar |
| Blåbær | Vår | Midt-sein sumar | 2 år | 2d100 + 300 lb blåbær | 2d20 + 166 dagar | 200 stiklingar | 2 gp pr. stikling | 24 timar | 16 timar |
| Bringebær | Vår | Sumar | 1 år | 2d100 + 500 lb bringebær | 3d20 + 152 dagar | 300 stiklingar | 3 gp pr. stikling | 20 timar | 24 timar |
| Jordbær | Tidlig vår | Tidleg sumar | 1 år | 2d100 + 700 lb jordbær | 3d20 + 138 dagar | 1000 stiklingar | 5 gp pr. stikling | 30 timar | 24 timar |
| Tyttebær | Vår | Haust | 2 år | 1d100 + 250 lb tyttebær | 3d20 + 236 dagar | 150 stiklingar | 2 gp pr. stikling | 16 timar | 12 timar |
| Kirsebær | Tidlig vår | Tidleg sumar | 3-5 år | (2d100 * 10) + 7.000 lb kirsebær | 3d20 + 138 dagar | 30 trer | 1 gp pr. frø | 8 timar | 20 timar |
| Appelsin | Tidlig vår | Vinter | 5-7 år | (4d100 * 10) + 16.000 lb appelsin | 2d20 dagar | 35 trer | 1 gp og 5 sp pr. frø | 10 timar | 32 timar |
| Sitron | Tidlig vår | Vinter | 3-5 år | (3d100 * 10) + 12.500 lb appelsin | 2d20 dagar | 35 trer | 1 gp og 2 sp pr. frø | 9 timar | 27 timar |
| Hassel | Vår | Haust | 4-6 år | (1d100 * 10) + 4.500 lb net | 3d20 + 236 dagar | 40 busker | 5 sp pr. frø | 6 timar | 22 timar |
Silkeproduksjon
På garden kan ein produsere silke ved hjelp "Silkeorm-hus". Dette er eit hus som produserer silke fast kvar veke dersom det får skikkeleg stell.
Tidsbruk og stell
For kvar veke må ein nytte 1 time til å vedlikehalde og sjå til ormane. Ein kan få hjelp til dette ved å hyre inn arbeidarar (2 gp per arbeidar). Dersom ein ikkje gjer det, vert det ikkje silkeproduksjon den veka.
Produkt og avkastning
Under kjem ei liste med produkt ein får av silkeproduksjon.
| Produkt | Mengde i veka (dersom hausta) | Salgspris |
|---|---|---|
| Silke | 10 lb | 3 sp pr. lb |
Utviding
Ein kan utvide produksjonen med påbygg til huset. I så tilfelle auker ein med 5 lb i veka.
Birøkting
Birøkting er ein aktivitet ein kan ha i Tella. Dette resulterer i honning og andre bi-produkter som kan bearbeidast og selgast. Under kjem oversikt over reglar og utstyr ein treng.
Utstyr
Her er ei liste med utstyr ein må kjøpe eller lage sjølv. Dette er ikkje noko som kan kjøpast over disk, men hjå nokon som driv med det.
| Utstyr | Kostnad | Lage sjølv | Skildring |
|---|---|---|---|
| Biekube (enkel) | 20 gp | Sjå Snekring | Standard biekube som gjev 1 honningproduksjon i veka. |
| Biekube (forbetra) | 50 gp | Sjå Snekring | Forbetra biekube som gjev 1,5 honningproduksjon i veka og mindre sjangse for sjukdom. |
| Biebeskyttelsesdrakt | 20 gp | Sjå Sying og veving | Hindrar stikk og reduserar risiko ved stell. |
| Røykblåsar | 2 gp | Sjå Mekking | Brukast for å roe ned bier før stell. |
| Slynge | Sjå Spelareigde hus. | Sjå Spelareigde hus | For å hente ut honning av ramene. |
| Vokssmeltar | Sjå Spelareigde hus. | Sjå Spelareigde hus | For å smelte ned voksen. |
| Startkoloni med bier | 25 gp | - | Utgangspunkt for biebestanden på garden din. |
Tidsbruk og stell
For kvar veke må ein nytte 2 timar per kube ein har til å vedlikehalde og sjå til biene. Ein kan få hjelp til dette ved å hyre inn arbeidarar (2 gp per arbeidar). Dersom ein ikkje gjer det, er det 50% sjangse for at noko negativt skjer.
Random events
Når ein har bier kan det skje forskjellige ting. På lik linje som andre random events rullar DM natt til måndag om det skjer random events.
Produkt og avkastning
Kvar veke får ein avkastning frå biena sine. Under kjem ei liste med produkt ein får av honningproduksjon.
| Produkt | Mengde per kube, per veke | Materialbehov | Salgspris |
|---|---|---|---|
| Honning | 12 glas med honning (84 ounces) | - Honningglas (sjå Glassblåsing) | 1 gp pr. glas |
| Bivoks | 1 lb | - | 5 sp pr. lb |
Bearbeiding
Etter all frukten er kome tå trer og opp av jorda må det bearbeidast. Sjå Matlaging og Brygging for meir informasjon rundt kva ein kan gjere. Standarden er å tørka frukten, så her er ein guide på det
| Produkt | Ingrediens | Tid | Mengd (pr. 10 lb) | Salsverdi |
|---|---|---|---|---|
| Tørka epler | 10 lb Eple | 6 timar | 3 lb tørka epler | 2 sp pr. lb |
| Tørka pærer | 10 lb Pære | 6 timar | 3 lb tørka pærer | 2 sp pr. lb |
| Tørka bananer | 10 lb Banan | 6 timar | 3 lb tørka bananer | 2 sp pr. lb |
| Tørka plommer | 10 lb Plomme | 6 timar | 3 lb svisker | 2 sp pr. lb |
| Tørka blåbær | 10 lb Blåbær | 6 timar | 2,5 lb tørka blåbær | 3 sp pr. lb |
| Tørka bringebær | 10 lb Bringebær | 6 timar | 2 lb tørka bringebær | 3 sp pr. lb |
| Tørka tyttebær | 10 lb Tyttebær | 6 timar | 2,5 lb tørka tyttebær | 3 sp pr. lb |
| Tørka tobakk | 20 lb Tobakk | - Luft: 1d4 + 4 veker - Ild: 1d8 + 6 dagar | 7 lb tørka tobakk | 5 sp pr. lb |
