Brygging
Introduksjon
Dette dokumentet skildrar korleis brygging fungerar i Tella-campaigns.
Viktige element
Brewer's Supplies
Essensielt for aktiviteten. Innheldt det ein treng for å jobbe med brygging. Desse verktøya kan ein nytte for å identifisere alkohol, og jobbe med drikkevarer. Skal ein lage brygg må ein ha eit bryggeri.
Bryggeri
I huset sitt kan ein ha bryggeri for å lage diverse drikker. Ein har også moglegheit for å låne bryggeri, men det er vanskelig då dei fleste bryggeri går 24/7.
Vatn
Vatn er viktig for brygging. Reint vatn er essensielt, og diverse oppgraderingar kan forbetre prosessen i gryggeriet ditt.
Malt
Malt er utgangspunktet for mykje innan brygging. Ein får malt av å malte korn. Ein kan kjøpe dette på butikk, eller lage ut frå korn ein har på garden. Ein må oppgradere bryggeriet sitt for å kunne malte korn.
Frukt
Frukt er utgangspunkt for vin, sider, saft, nokre sprittyper, og juice. Ein kan kjøpe dette, eller gro det sjølv på garden.
Humle
Humle er smakstilsetning for mange typar brygg. Ein kan kjøpe dette, eller gro det sjølv på garden. Ein må oppgradere bryggeriet for å kunne prosessere humle.
Gjær
Gjær lagar alkohol og CO2 i brygga dine. Kan kjøpast hjå diverse butikkar, eller framstillast i eige bryggeri etter å oppgradere bryggeriet.
Sukker
Sukker er tilsetningsstoff for ein del brygg. Ein kan kjøpe dette på butikkar, eller det kan framstillast frå plantar.
Flasker og tønner
Når brygga er ferdig, må det gjære på kar og/eller lagrast. Dette gjer ein på flyttbare flasker, eller på meir stasjonære tønner.
Lager
Eit bryggeri treng eit lager for å ta vare på ingrediensar og utstyr. Ein kan oppgradere med kjøling sånn at ting varar lengre.
Prosess
Prosessen med brygging varierar ut i frå kva ein skal lage. Under er prosessane skildra.
Begrep
I denne delen skildrast dei forskjellige begrepa når det kjem til bryggeprosessen.
Brygging
Brygging er fellesnemning for heile prosessen med å ta ingrediensar og med dei lage eit nytt brygg, som oftes for drikking.
Destillering
Destillering er prosessen med å koke av alkoholen frå eit brygg. Prosessen er ofte brukt ved framstilling av brygg med høgt alkoholinnhald.
Finne / Framstille ingrediensane
Dette er prosessen med å finne ingrediensane, fruktane, osv. som ein treng til bryggeprosessen. Dette kan vere frå eigen gard, frå lageret sitt, eller frå butikkar i nærleiken.
Flasking / Tønning
Flasking og tønning er prosessen med å flytte brygget til meir langsiktig lagring.
Gjæring
Gjæring er prosessen der gjæret ein har tilsatt brygget får arbeidde med brygge og lage alkohol og CO2.
Karbonering
Karbonering er prosessen med å tilsette sukker for å oppnå kullsyre i brygget. Denne prosessen tar ca. 2 veker, og man kan nytte denne tida til å runde av til næraste fulle veke.
Koking
Koking er prosessen med å fjerne bakteriar frå brygget. Dette kan gå opptil 1 time å utføre.
Kverning
Kverning er prosessen med å kutte opp ingrediensar til mindre betar.
Lagring
Lagring er prosessen med å la brygget sitt stå kaldt over ei gitt tid.
Malting
Malting er prosessen med å ta kornavlingar og gjere det om til malt. Ein må oppgradere bryggeriet for å gjere dette sjølv. Prosessen involverar vatning, tørking og steiking av kornet, og forskjellige resultat kan kome av det.
| Malt | Korn | Dagar |
|---|---|---|
| Pilsner-malt | Bygg | 8 |
| Lager-malt | Bygg | 10 |
| Müncher-malt | Bygg | 12 |
| Kveite-malt | Kveite | 6 |
| Havre-malt | Havre | 6 |
Pressing
Pressing er prosessen med å få juice og saft ut af frukt utan å koke det, berre ved å presse det ut.
Safting
Safting er å koke safta ut av frukt og bær. Dette lagar eit konsentrat av fruktsaft.
Tilsetning
Tilsetning er diverse smakar ein ønskjer å setje til. Ein kan gjere Intelligence (Brewer's Supplies)-sjekk for å finne ut om det vil forbetre eller øydelegge brygget. DC styrast etter kva som vert gjort.
Prosessar
I dette avsnittet skildrar ein prosessane med å brygge forskjellige brygg.
Øl
- Maltet meskast i bryggeapparatet i 1 time på 65 grader for å få ut enzym.
- Utskyllig av maltet på 77 grader.
- Koking og tilsetning av humle med gitte intervall, 1 time.
- Nedkjøling.
- Slå over på gjærkar og tilsett gjær.
- La gjære i angitt tid.
- Slå over på flasker/tønner, med sukker for karbonering.
- Vent karboneringstid.
- Sett flasker/tønner på lager i angitt tid.
Sider
- Kverna frukten og presse safta utor den.
- Kok safta.
- Slå over på gjærkar og tilsett gjær.
- La gjære i angitt tid.
- Slå over på flasker/tønner, med sukker for karbonering.
- Vent karboneringstid.
- Sett flasker/tønner på lager i angitt tid.
Saft
- Kverna frukten og presse safta utor den. Bær tilsettast som dei er.
- Kok opp og trekk av safta.
- Kok opp safta med sukker og vatn.
- Sett på flasker/tønner for lagring.
Juice
- Kverna ingrediensane og presse safta utor dei.
- Tilsett eventuelle tilsetningar.
- Sett på flasker/tønner for lagring.
Vin
- Druer samlast inn. (Blåe)
- Druene mosast i tønna, med apparat eller føt.
- Dersom kvitvin, filtrer ut alt anna enn safta.
- Tilsett gjær i tønna.
- La gjære i angitt tid, stak av og til.
- Dersom raudvin, filtrer ut alt anna enn safta.
- Sett på tønne for lagring.
- Fyll på flasker.
- Lagre i angitt tid.
Sprit
- Lage sats, på same måte som for ølbrygging.
- Følge instruksjonar før destillering.
- Destillering.
- Instruksjonar etter destillering.
- Lagring på fat, eller rett i forbruk ut frå oppskrift.
Kva kan ein lage?
Under kjem det tabellar med oversikt over kva ein kan lage. Framstilligssjekken gjerast etter gjæringstida.
Øl
Følgande oppskrifter resulterar i ei tønne med 150 liter (40 gallons) øl.
| Ingrediens / Prosess | Standard mengd | Kommentar |
|---|---|---|
| Vatn | 50 gallons | - |
| Sukker | 2 lb | - |
| Bryggetid | 1 dag | - |
| Karboneringstid | 2 veker | - |
| Type | DC (Framstilling) | Malt | Humle | Gjær | Gjæringstid | Lagringstid | Total tid |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Ale | 12 | Pilsner (70 lb) Kveite (5 lb) | Bitterhumle (1 lb) Frukthumle (0,5 lb) | 0,2 lb ale-gjær | 2 veker | 2 veker | 6 veker |
| Lager | 13 | Lager (50 lb) Kveite (25 lb) | Bitterhumle (1 lb) | 0,4 lb lager-gjær | 3 veker | 4 veker | 9 veker |
| Pilsner | 13 | Pilsner (50 lb) | Bitterhumle (0,5 lb) | 0,4 lb lager-gjær | 3 veker | 8 veker | 13 veker |
| IPA | 14 | Pilsner (50 lb) Kveite (15 lb) Havre (10 lb) | Frukthumle (1 lb) Sitrushumle (0,5 lb) | 0,2 lb ale-gjær | 2 veker | 2 veker | 6 veker |
| NEIPA | 14 | Pilsner (35 lb) Kveite (40 lb) | Bitterhumle (1 lb) Frukthumle (1 lb) Sitrushumle (1 lb) | 0,2 lb ale-gjær | 2 veker | 2 veker | 6 veker |
| Stout | 15 | Lager (50 lb) Kveite (25 lb) Havre (25 lb) | Bitterhumle (0,5 lb) Frukthumle (0,5 lb) Sitrushumle (0,5 lb) | 0,4 lb lager-gjær | 3 veker | 12 veker | 17 veker |
Sider
Følgande oppskrifter resulterar i ei tønne med 150 liter (40 gallons) sider.
| Ingrediens / Prosess | Standard mengd | Kommentar |
|---|---|---|
| Sukker | 2 lb | - |
| Bryggetid | 1 dag | - |
| Karboneringstid | 2 veker | - |
| Type | DC (Framstilling) | Frukt | Humle | Gjær | Gjæringstid | Lagringstid | Total tid |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Standard-sider | 10 | Eple, pære, banan, osv. (150 lb) | - | Sider-gjær | 6 veker | 1 veke | 7 veker |
Saft
Følgande oppskrifter resulterar i ei tønne med 150 liter (40 gallons) saft.
| Ingrediens / Prosess | Standard mengd | Kommentar |
|---|---|---|
| Vatn | 100 gallons | - |
| Sukker | 5 lb | - |
| Bryggetid | 4 timar | - |
| Type | DC (Framstilling) | Frukt |
|---|---|---|
| Fruktsaft | 8 | Eple, pære, banan, osv. (50 lb) |
| Bærsaft | 8 | Jordbær, blåbær, rips, osv. (50 lb) |
Juice
Følgande oppskrifter resulterar i ei tønne med 150 liter (40 gallons) juice.
| Ingrediens / Prosess | Standard mengd | Kommentar |
|---|---|---|
| Bryggetid | 1 time | - |
| Type | DC (Framstilling) | Frukt |
|---|---|---|
| Fruktjuice | 5 | Eple, pære, banan, osv. (150 lb) |
Vin
Følgande oppskrifter resulterar i ei tønne med 150 liter (40 gallons) vin.
| Ingrediens / Prosess | Standard mengd | Kommentar |
|---|---|---|
| Bryggetid, pressing | 4 timar | - |
| Bryggetid, filtrering | 4 timar | - |
| Produkt | DC (Framstilling) | Gjær | Gjæringstid | Tid før lagring | Lagringstid |
|---|---|---|---|---|---|
| Raudvin | 12 | Vin-gjær (0,2 lb) | 2 veker | 2 veker og 1 dag | 8 veker |
| Kvitvin | 13 | Vin-gjær (0,2 lb) | 2 veker | 2 veker og 1 dag | 8 veker |
| Raudvin, kvalitet | 14 | Vin-gjær (0,2 lb) | 6 veker | 6 veker og 2 dagar | 3 år |
| Kvitvin, kvalitet | 15 | Vin-gjær (0,2 lb) | 6 veker | 6 veker og 2 dagar | 3 år |
Sprit
Følgande oppskrifter resulterar i eit kar med 40 gallons sprit. Hugs at det er rissiko med å produsere sprit... DM gjer beskjed om noko interessant skjer under produksjonen.
| Ingrediens / Prosess | Standard mengd | Kommentar |
|---|---|---|
| Vatn | 50 gallons | - |
| Tid å lage sats | 1 dag | Same prosess som å lage øl, fram til og med nedkjøling. DC er 11, som rullast etter produksjon. Deretter kan ein inspisere om det har gått bra, sånn som med øl: DC 10 Investigation (Brewer's Supplies) |
| Destilasjonstid | 1 dag | Her kan det skje uhell... |
| Produkt | DC (Framstilling) | Ingrediensar i sats | Gjæringstid på sats | Før destillering | Etter destillering | Tid før lagring | Modningstid |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Whisky | 16 | Pilsner-malt (75 lb), ale-gjær (0,2 lb) | 2 veke | - | Setjast på tønne. | 2 veker og 2 dagar | 3 år |
| Konjakk | 16 | Moste druer (75 lb), lager-gjær (0,2 lb) | 3 veker | La stå på tønne inntil 3 veker til. | Setjast på tønne. | 6 veker | 2 år |
| Billegsprit | 17 | Ingrediens (50 lb), sukker (2 lb), bake-gjær (0,5 lb), | 1 veke | - | Rett på lagring, tønne eller flasker. | 1 veke og 2 dagar | - |
| Rein alkohol | 18 | Sukker (5 lb), bake-gjær (0,5 lb), | 1 veke | - | Rett på lagring, tønne eller flasker. | 1 veke og 2 dagar | - |
