Matlaging
Introduksjon
Dette dokumentet skildrar korleis matlaging fungerar i Tella-campaigns.
Viktige element
Cook's Utensils
Essensielt for aktiviteten. Innheldt det ein treng for å lage mat.
Råvarer
Ein kan dyrke sjølv eller kjøpe råvarer til å lage mat.
Kokebok
Eit av dei viktigaste elementa til ein kokk er kokeboka. Dette er ei bok som kan kjøpast på butikkar eller liknande, og inneheldt alle oppskriftane som kokken har samla. Både dei ein har funne i verda, men også dei ein har designa sjølv.
Kjøkken
Ein av dei viktigaste delane med matlaging er kjøkkenet. Kombinert med tilgang på ishus, så er ingen grenser for kva ein kan lage. Ein vil trenge dei fleste igrediensar, men ein del som krydder og mindre greier er antatt at ein har tilgjengelig når ein har oppgradert til dette. Så lenge det ikkje er veldig spesielle krydder.
Prosess
Prosessen rundt matlaging er skildra under i fleire senario.
Oppdage oppskrifter
I verda kan ein oppdage nye oppskrifter. Ein kan nytte Cook's Utensils i 1 time til å kopiere ned ei ny oppskrift.
Lære oppskrifter
Når ein har funne ei oppskrift, kan ein ikkje automatisk lage denne. Ein er nødt til å bruke 8 timar læretid (1 dag) for å få lage den. På slutten av læretida gjer ein ein Wisdom (Cook's Utensils)-sjekk for å sjå om ein har lerd den.
Designe rettar sjølv
Dersom ein ønskjer å designe ein ny rett, samtale med DM om dette. DM vil då setje ein DC for retten, og designe kva ingrediensar ein treng. Ein må først gjere ein Intelligence (Cook's Utensils)-sjekk mot retten sin DC for å greie å designe den, og deretter ein Wisdom (Cook's Utensils)-sjekk mot same DC for å sjå om ein greier å lage den. Sjølvlaga oppskrifter må vere basert på kva ein kjenner til frå tidlegare, med variasjonar sjølvsagt.
Lage mat
Når ein lagar mat, må ein dedikere angitt tid i oppskrifta til å lage retten. Så lenge ein kan retten, er det antatt at ein får til å lage den. DM vil rulle på ein event-tabell for å sjå om noko skjer under matlaginga.
Bonus / Effekt
Ein del matrettar her eigenskapar som gjer bonusar og effektar. Når ein har lært å lage matretten, vil ein også lære eventuelle effektar og bonusar matretten gjer.
Kva kan ein lage?
Under følger ei oversikt over ting ein kan nytte kunnskapen sin til å lage.
Kjapp matlaging
Dersom ein berre skal lage til eit godt måltid, kan ein droppe både eventar og rullar. Dette vert eit enkelt måltid, litt betre enn reine rasjonar.
Ukomplisert matlaging
Dersom ein ikkje har oppskrifter, eller berre ønskjer å gjere det, så kan ein utføre ein Matlaging-event for å sjå kva ein greier å piske opp. Dersom ein ikkje har kontroll på invetaret på kjøkkenet, er dette einaste mogelegheit til å lage mat (i lag med kjapp matlaging).
Etter oppskrift
Dersom ein kjenner oppskrifta og har lært å lage denne, kan ein lage mat ut i frå boka. DM vil presentere nye oppskrifter etter kvart som ein utforskar verda.
Standard-oppskrifter
| Produkt | Ingrediensar | Produksjonstid | Produktmengde | Salsverdi |
|---|---|---|---|---|
| Pai | - 5 lb frukt/bær - 4 koppar mjøl - 2 koppar smør - 1/2 kopp sukker (- 1 ts kanel / anna topping) | 1,5 timar | 2 paiar | 1 gp pr. stk. |
| Syltetøy | - 10 lb frukt/bær - 4 kopper sukker (- 1/4 kopp sitronsaft) | 2 timar | 4 små glas | 6 sp pr. glas |
| Gelé | - 10 lb frukt/bær - 3 kopper sukker - 1/4 kopp vatn | 2,5 timar | 4 små glas | 6 sp pr. glas |
| Marmelade | - 10 lb frukt/bær - 5 kopper sukker (- 1/4 kopp sitronsaft) | 2,5 timar | 5 glas | 7 sp pr. glas |
Bearbeide produkt
For å bearbeide produkt treng ein eit kjøkken med riktige instrument. Sjå Spelareigde hus for meir informasjon.
| Produkt | Mengde | Ingrediens | Tid | Innkjøpspris (ca.) | Maskin |
|---|---|---|---|---|---|
| Smør | 1 lb | - 3 gallon mjelk | 1 time | 1 sp pr. lb | Smørkinne |
| Mjøl | 40 lb | - 50 lb kveite | 1 dag | 2 cp pr. lb | Kornmølle |
| Sukker | 10 lb | - 75 lb sukkerbeter | 1 dag | 2 gp pr. lb | Sukkerslynge |
| Sitronsaft | 1 gallon (16 koppar) | - 10 lb sitroner | 1 time | 2 sp pr. gallon | Presse |
