Skinnarbeid
Introduksjon
Dette dokumentet skildrar korleis skinnarbeid fungerar i Tella-campaigns.
Viktige element
Leatherworker's Tools
Dette er hovudverktøye til ein skinnarbeidar.
Dyrebearbeiding (Rom)
Dette er eit rom ein kan lage i huset sitt der ein kan utøve skinnarbeid. Sjå Spelareigde hus for meir informasjon. Der står det også meir informasjon rundt dei forskjellige maskinene og utstyret dom fins i rommet.
Symaskin
I Spelareigde hus kan ein installere symaskin. Denne forenklar prosessen med utstyr og armor. Snakk med DM om prosjektet har fordel av symaskin.
Prosess
Anskaffe skinn
Du kan enten anskaffe skinne på eigen hand gjennom jakt, eller kjøpe det på butikk. Dersom du stiller med skinnet sjølv, har prosessen ingen kostnad for deg.
Preparere skinn på eigen hand
Om ein vil spare pengar kan ein veldig lett finne beist og andre skapningar i utmarka ein kan jakte, flå og bearbeide.
Steg
Under er dei forskjellige stega i prepareringsprosessen skildra.
Steg 1 - Jakt
Første steget er å få tak i dyret som har skinnet ein er ute etter. Les i bøk, snakk med folk, og gjer Nature-sjekkar for å finne ut kva dyr ein treng. Deretter jakt på måten som er skildra i Jakt og Fiske.
Steg 2 - Flå og reinsa
Etter dyret er drept må ein flå dyret. Sjå Slakting for meir info. Deretter reinser ein skinnet.
Steg 3 - Fermentering i urin
Ein må deretter leggje skinne sitt i eit kar med urin. Dette kan vere eige eller frå dyra på garden.
Steg 4 - Skrape hår og mjukne
Når fermenteringa er ferdig KAN du fjerne håra på skinnet. Deretter smører ein inn dyremøkk i skinnet og lar det kvile i same karet ein dag til. Prosessen med å fjerne hår kan gjerast ila ein short rest. I dette steget kan ein leggje til ein ekstra time for å forberede skinnet til å bli Quality Leather.
Steg 5 - Garving av skinnet
Til slutt har du to moglege vegar når du skal ferdigstille skinnet. Ein kan enten koke skinnet i voks (f.eks. bivoks frå Gardsdrift) og vatn for å få sterkt og solid skinn, eller ein kan dynke det i vegitabilsk olje (f.eks. nøtteolje frå Gardsdrift og Matlaging) og få meir mjukt og forbart skinn. Sjå meir informasjon under for fleire detaljar.
Tidsbruk
Her er ein tabell som tar for seg generell tidsbruk i prosessen.
| Storleik | Steg 1 | Steg 2 | Steg 3 | Steg 4 | Steg 5 |
|---|---|---|---|---|---|
| Tiny | Varierar | 1 time + 1 time (skrubb) | 24 timar | (1 time) + 24 timar | 1 time |
| Small | Varierar | 2 timar + 1 time (skrubb) | 24 timar | (1 time) + 24 timar | 1 time |
| Medium | Varierar | 3 timar + 1 time (skrubb) | 24 timar | (1 time) + 24 timar | 1 time |
| Large | Varierar | 4 timar + 1 time (skrubb) | 24 timar | (1 time) + 24 timar | 1 time |
| Huge | Varierar | 5 timar + 1 time (skrubb) | 24 timar | (1 time) + 24 timar | 1 time |
| Gargantuan | Varierar | 6+ timar + 1 time (skrubb) | 24 timar | (1 time) + 24 timar | 1 time |
Kjøpe skinn
Dei fleste byar og tettstadar har skinnarbeidarar som sel skinn til greie prisar. Her er veiledande prisar for skinn:
| Storleik på beist | Vegetable Tanned (med vegetabilsk olje) | Boiled (Kokt i vatn og voks) | Quality Vegetable Tanned (med vegetabilsk olje) |
|---|---|---|---|
| Tiny | 2 gp | 3 gp | 4 gp |
| Small | 3 gp og 5 sp | 5 gp | 7 gp |
| Medium | 6 gp | 8 gp | 10 gp |
| Large | 18 gp | 24 gp | 30 gp |
| Huge | 45 gp | 60 gp | 75 gp |
| Gargantuan | 150 gp | 200 gp | 250 gp |
Dele skinn
Dersom ein berre har store skinn kan ein dele dei i mindre betar. Gargantuan (ca.) i 10 Huge-betar, Huge i 6 Large-betar, Large i 4 Medium-betar, Medium i 2 Small-betar, og Small i 2 Tiny-betar.
Lage utstyr
Når du lager utstyr må du først ha tilgjengelig alle materialane, deretter kan du produsere 2 lb med utstyr per dag. Etter kvar dag med arbeid må du gjere ein Dexterity (Leatherworker's Tools)-sjekk mot prosjektet sin DC. Klarer du den, tel dagen mot ferdigstilling. Dersom du feiler, får ein ikkje framdrift og dagen tel ikkje.
Ting du kan lage
Du kan lage masse forskjelligt, men det må for det meste vere laga av skinn. Ting som treng treverk, metall, stoff og anna kan det vere at vil kreve forarbeid eller etterarbeid av ein som er proficient med dei verktøya. Dette styrar DM. Ting som for eksempel Studded Leather krev at ein smed sett på studs i etterkant av at du har laga Leather Armor først.
Typar skinn
Kokt skinn i vat og voks er meir hardt enn andre typar skinn. Dette betyr at produktet ein lagar gjer at ein ta 1 point mindre skade (armor). Vegetabilsk olja skinn er meir fleksibelt, men ikkje like haldbart. Dette er grunnen til at DC-er høgare for kokt skinn i voks, sidan det er så vanskeleg å jobbe med.
Skadereduksjon (DR)
Dersom ein tar skade av non-magical Bludgeoning, Piercing, eller Slashing damage, reduserast total skade med 1.
Farge utstyret
Dersom ein vil farge skinnet, kan ein gjere det med fargar kjøpt på butikk eller laga med Alkymi og gift.
| Skinnstorleik | Fargekostnad |
|---|---|
| Tiny | 1 gp |
| Small | 2 gp |
| Medium | 4 gp |
| Large | 12 gp |
| Huge | 30 gp |
| Gargantuan | 100 gp |
Kva kan ein lage?
Armor og klede
| Type skinn | Også kalla | Bærars storleik | Skinnstorleik | Vekt | Dagar å lage | DC | DR (Skadereduksjon) |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Vegetable Tanned Leather | Vanleg (Leather) | Small | Tiny | 5 lb | 3 | 11 | Nei |
| Boiled Leather | Solid (Sturdy Leather) | Small | Tiny | 5 lb | 3 | 13 | Ja |
| Quality Vegetable Tanned Leather | Kvalitet (Quality Leather) | Small | Tiny | 5 lb | 4 | 15 | Nei |
| Vegetable Tanned Leather | Vanleg (Leather) | Medium | Small | 10 lb | 5 | 12 | Nei |
| Boiled Leather | Solid (Sturdy Leather) | Medium | Small | 10 lb | 5 | 14 | Ja |
| Quality Vegetable Tanned Leather | Kvalitet (Quality Leather) | Medium | Small | 10 lb | 6 | 16 | Nei |
Utstyr
| Utstyr | Skinnstorleik | Vekt | Dagar å lage | DC |
|---|---|---|---|---|
| Backpack | Small | 5 lb | 3 dagar | 12 |
| Book, Covers only | Tiny | 2 lb | 1 dag | 11 |
| Case, map or scroll | Tiny | 1 lb | 1 dag | 11 |
| Component Pouch, empty | Tiny | 1 lb | 1 dag | 11 |
| Pouch | Tiny | 1 lb | 1 dag | 11 |
| Quiver | Small | 1 lb | 1 dag | 12 |
| Tent, one-person | Medium (2) | 14 lb | 7 dagar | 13 |
| Tent, two-person | Lagre | 20 lb | 10 dagar | 14 |
| Tent, four-person | Large (2) | 35 lb | 18 dagar | 14 |
| Waterskin | Tiny | 1/2 lb | 1 dag | 11 |
| Wineskin | Tiny | 1/2 lb | 1 dag | 11 |
Andre prosjekt
| Type skinn | Skinnstorleik | Andre ingrediensar | Vekt | Dagar å lage | DC |
|---|---|---|---|---|---|
| Biljard-topp (Skinn) | - Large | - Farge (grøn) | - 20 lb | - 2 dagar | - 12 |
| Skinnteppe - 2,5 x 2,5 ft. - 5 x 5 ft. - 10 x 10 ft. - 15 x 15 ft. - 20 x 20 ft. | - Tiny - Medium - Large - Huge - Gargantuan | - | - 1 lb - 2 lb - 4 lb - 10 lb - 16 lb | - 1 dag - 1 dag - 2 dagar - 5 dagar - 8 dagar | - 10 - 10 - 11 - 11 - 12 |
