Jakt og Fiske

Introduksjon

Dette dokumentet skildrar korleis jakt og fiske fungerar i Tella-campaigns.

Viktige element

Jakt

Våpen

Jaktvåpen er viktig. Dersom ein jaktar "redde" dyr er det ofte lurt med boge. Armbrøst kan også fungere, dog den har kortare avstand. Melee-våpen kan kome godt med dersom dyret vil angripe jegaren.

Kniv og Dagger

For å partere dyr og sløye fisk treng ein dagger eller ein liten knif (Small Knife).

Åte

Åte tiltrekkjer seg enkelte dyr. Ein må gjere det innbydande og ikkje mistenkeleg, så ein sjekk må gjerast for å få det til.

Fiske og undervannsjakt

Fiskestang

Fiskestang er hovedverktøyet for å fange fisk.

Garn

Dersom ein har garn og båt, kan ein setje garn og passivt fange fisk.

Kniv og Dagger

For å sløya fisken, trenge ein dagger eller kniv.

Agn

Med agn på kroken, har ein advantage på fiske-sjekkane sine.

Armbrøst

For å jakte på fisk under vatnet, nyttar ein armbrøst eller pil-og-boke. Berre armbrøst unngår disadvantage. Hugs å knyte line til pilen sånn at fisken ikkje stikk av!

Prosess

Jakt

Prosessen rundt jakt inkluderer tida før ein reiser ut, tida ein jaktar, og etterarbeidet når ein er ferdig. Under er dette skildra meir i detalj.

Før jakt og til jaktplassen

  1. Ein les seg opp på byttet ein er ute etter, eventuelt sankkar med folk som har jakta dyret før. Enkle beasts under (ikkje med) CR 1 kan ein gjere Nature-sjekk på å lokalisere.
  2. Ein førebur seg i henhold til kvar ein skal reise, mtp. ly, proviant og redskaper.
  3. Ein reiser til plassen ein skal jakte.
  4. Ein venter på riktig tidspunkt på døgnet.

Under jakta

  1. (OPT 1/2) Ein plasserer riktig åte med Deception (Survival)-sjekk og gjøymer seg med Stealth-sjekk.
  2. (OPT 2/2) Utfør ein Survival-sjekk for å tracke dyret. Suksess vil ta in fram til at ein er just utanfor oppdagelses-avstanden til dyret etter 1d8 timar.
  3. Feiling vil kaste vekk dagen (8 timar).
  4. Dersom ein er nødt til å snike seg nærare eller reposisjonere, kan ein her gjere ein ny Stealth-sjekk mot målets PP eller PER ut i frå kvar nært ein er.
  5. Fell dyret med våpen. Eventuelt agro-e det for så å overfalle det. Kjem an på kva type dyr det er og kva som er beste måten å felle det.

Etter jakta

  1. Når jakta er over, må ein nytte 30 minutt på å ta ut innvollane.
  2. Så kan ein enten ta med seg bytedyret i heila tilbake, eller ein kan partere der ein står.
  3. Å flytte dyret kan kreve ein Athletics-sjekk dersom det er stort og vanskeleg å få med seg.
  4. Å partere dyret vil kreve ein Survival-sjekk, der DC er satt per dyr.
  5. Ein kan også ta med seg konkrete delar som horn, gift, tenner, osv. Dette krever ofte ein Dexterity-sjekk, med relevante proficiencies dersom det passar.

Fiske

Med stang

  1. Ein nyttar fiskestanga til å fiske med.
  2. For kvar time som går, rull ein Survival-sjekk. DC er satt ut i frå kor mykje fisk det er i området.
  3. Gjer ein contested Dexterity-sjekk mellem fiskar og fisken.
  4. Etter fisken er på land, så sløyer ein den.

Med garn

  1. Ein set garnet ut med båt, og her må ein ha hjelp av ein som er Proficient med Water Vehicles til å køyre båten. Ved dårleg vêr kan det vere at kapein også må gjere sjekk.
  2. Når ein set garnet, gjer ein Stealth (Survival)-sjekk for å sjå kor bra ein set det.
  3. Etter 24 timar tek ein opp att garnet. Gjer ein DC 8 (+1 for kvar 10-ande fisk) Athletics-sjekk.
  4. Deretter renskar ein garnet og reparer det. Kvar av desse prosessane tar 1 time kvar.
  5. Til slutt sløyer ein fisken.

Undervannsjakt

  1. Ein førebur seg med å ta av seg klede som hindrar bevegelse, og på riktige klede.
  2. Ein dykkar ned og jaktar fisk. Ein kan holde pusten så lenge som 1 + Constitution modifier (min 30 sek).
  3. Det kostar 1 sekund med pust å dykke 1 ft.
  4. Etter lengre ned ein kjem, dess større sannsyn er det for å få fisk.
  5. Ein gjer så ein Perception-sjekk for å sjå om ein ser fisk. Denne kan ein repetere kvart minutt ein er under.
  6. Ser ein fisk, vert det vanleg attack roll mot fisken sin AC. Rull damage.
  7. Søm opp med fisken og sløy han.
  8. Ein kan dykke Constitution-score (+ Survival proficiency) gongar på ein dag. Går ein over dette risikerar ein exhaustion.

Prosessdetaljar

Avstandar

Pass på at ein ikkje er for nært dyret når ein jaktar. Kvart dyr har kvar sin Passive Perception ein rullar mot. HUGS! Stealth er ofte komittande. Dersom ein skal bevege seg, skal ein gjere Stealth-sjekken før ein bevegar seg. Under er ein tabell over kor nært ein kan gå før ein lagar lyd og dyr vil gå over til perception-sjekkar automatisk.

SituasjonAvstandKommentar
Ein sniker2d6 x 5 ft.Innanfor 60 ft. er det mogeleg at ein vil kunne bli oppdaga. Innan 10 ft. garantert.
Normal gange2d6 x 10 ft.Når ein går vanleg, vil ein innan 100 ft. kunne verte oppdaga. Innan 20 ft. garantert.
Ein lagar mykje lyd2d6 x 50 ft.Snakker ein og bråkar, vil ein innan 600 ft. kunne verte oppdaga. Innan 100 ft. garantert.

Parteringstid

Sjå Slakting.

Sløyetid

Ein kan sløye Dexterity-score (+ Survival-proficiency) antall fisk i timen.

Haldbarheit

Eit dødt dyr / fisk har haldbarheit i 12 timar. Etter det må innvollane tas ut. Deretter kan dyret lagrast i 1 dag varmt, eller 1 veke kaldt. Deretter må det parterast, saltast eller i ein eller anna grad bearbeidast. Usalta kjøtstykker og fiskefilétar kan oppbevarast kaldt i 2 veker, ellers må det saltast eller frysast.