Om
Mangaar er ein magisk by heilt sør i
Kongeriket Kolonnøy på grensa til dei frie områda på
Kolonnøy. Byen er eit Mekka for alle som driv med magi eller har arkane interesser. Høgnivå-magi er ikkje utbridt på
Kolonnøy, så det meste ein finn er heilt enkle magiske element. Men, dersom ein leiter finn ein både folk og objekt som har flørta med større arkanske konsept.
Historie
Tidleg historie
Mangaar vaks, som andre byar i
Fjordane Fylke, fram som ein storby først etter "101-årskrigen". Fram til det var Mangaar ein leirplass på vegen mellom
Tømmerhaug og Port
Maasesund. Grunna nærleika til dei mineralrike områda oppe i fjella sentralt på
Kolonnøy fekk byen ei sentral rolle då dvergane kom til
Kolonnøy og etablerte
Dvergeriket. Byen har alltid vert magisk, og magikarar har alltid funne seg tilrette i området rundt Mangaar, då i små bygder.
Seinare historie
Etter at dvergane kom til
Kolonnøy vaks Mangaar mykje saman med søsterbyen
Gornbor i
Dvergeriket. Byen fekk ei sentral rolle i mineralproduksjonen i
Kongeriket Kolonnøy og derverte dei andre byane i dei frie områda med mineral og smeltevarer. Mot slutten av Den 3. tidsrekninga blei dette utfasa til fordel for meir teknologiske geskjefter, og
Gornbor tok over smelteverk og prosessering.
Moderne historie
Mangaar var på lik linje med
Sæbe ein viktig by under den teknologiske revolusjonen på
Kolonnøy. Dei mange oppfinningane som blei funne opp av ingeniørane i
Sæbe blei bygd i Mangaar. Dette satt Mangaar i direkte konkurranse med
Sandstaa som også var viktig i bygginga av tekniske oppfinningar. Men,
Sandstaa fokuserte på transport, og då greidde Mangaar å karre seg til dei andre områda innan ny teknologi. I det siste har dette daffa meir og meir av grunna overgangen til meir masseproduserte apparat, og
Victormax Industrier sitt framtog som ledande innan dette feltet. I dag spesialiserar Mangaar seg meir på forskning innan å gje objekt magiske krefter i staden for reint mekaniske. Ikkje lett med lav-nivå-magi, men dei er på veg til å gjere store gjennombrot.
Geografi
Managar sin geografi er ganske spesiell. Byen er den desidert største på
Kolonnøy, men er også ein av dei som er spreidd mest utover. Det kan opplevast som fem forskjellige byar når ein er i Mangaar: Bustadområde i nord, fabrikkane i aust, havna i sør, spreidd bebyggjing i vest og tettbebygd sentrumsområde i midten. Elles er det ganske flatt.
Demografi
I Mangaar er det særs forskjellige innbyggjarar. Mange menneske, men det er også eit stort utval av andre rasar som har funne sin heim her. Felles for dei er at den arkane interessa står sterkt. Familieliv er tilstades, men Mangaar er nok den byen på
Kolonnøy med mest einslege. Det er ikkje lett å ha eit familieliv når ein driv med kronisk magiarbeid...
Kriminalitet
Mangaar er ein relativt trygg by med god kontroll av
Mangaar Bystyre. Det er in av byane på
Kolonnøy med mest kompetent fredsbevarande styrkar. Ein kan likevell finne illegale operasjonar dersom ein leiter lenge nok etter dei. Kanskje ikkje på gata, men på bakromm i andre establesjement.
Økonomi
Mangaar sin økonomi baserer seg mest på tenester og produksjonar innan magiske duppedittar. Ein god del av det byen treng vert importert frå
Luneaa,
Maasesund,
Tømmerhaug og
Gornbor.
Matvarer
Byen er sjølvforsynt med det ein treng av fisk og kjøt, men det blir importert ein del bakevarer og korn. Det er ikkje noko ein sel vidare ut av byen.
Produksjon
Tidlegare produserte ein masse maskiner og redskapar, men dette har dei seinare åra daffa meir og meir av. I dag produserar ein prototypar og sel desse til ingeniørfirma i
Sæbe for vidareutvikling.
Tenester
I Mangaar kan ein få hjelp til det aller meste innan teknikk, reprasjon og arkane tenester. Mange sjuke reiser ofte til Mangaar for å oppsøkje hjelp, då mange driv med human magi i tilleg til anna type magi.
Magi
Som nemd er Mangaar ein viktig by når det kjem til magiske tenester og utsal. Magiske våpen, magiske innretningar, material-komponentar og anndre butikkar. Naturen er også viktig for byen, så herbalisme og liknande bytikkar finn ein også.
Religion
Det er ganske fritt å tru på det ein ønskjer, men innbyggjarane har ein gravitasjon mot følgande gudar.
Mystra, ho-guden over magi
NG - Knowledge - Sirkel med sju stjerner rundt ei raud skodde
Azuth, guden over magikere
LN - Knowledge - Venstrehand som peiker opp med eld rundt seg
Styring
Byen styrast av
Mangaar Bystyre som igjen er ein del av
Fjordane Fylke, styrt av
Kongeriket Kolonnøy. Byen har demokratiske valde leiarar med parlamentarisk organisering. Byen har eit byråd som effektivt fremjar forslag til bystyret, og har sett ned utval som arbeidar med dei forskjellige områda i byen.
Transport
Mangar har ein hovedveg som går rett igjennom byen. Ein kan nå dei fleste byane sør på
Kolonnøy ved å følge denne vegen, men sjølve vegen terminerer ved
Snøfell i sør. Elles sluttar vegen i nord i
Luneaa. Hest og kjerre er nok lettaste transportmiddel, dersom ein ikkje ønskjer å spø litt meir pengar i reisa og nytta seg av
Schnellrasch Speedwagon til
Luneaa. I tillegg til dette har ein
Havna i Mangaar der ein kan både leige og kjøpe sjøfartøy. Det går ingen rutebåtar til Mangaar grunna grunnene heilt vest i fjorden. Der er straumen så sterk at ein rissikerar å havne på land sjølv om straumen går i riktig retning.
Serverdigheitar og eventar
Følgande serverdigheitar og eventar er verdt å få med seg.
Tunnellen i Mangaar
Som einaste plass på
Kolonnøy så har Mangaar ein tunnell som går under sentrum i byen og ut på andre sida. I denne tunnellen stoppar
Schnellrasch Speedwagon og andre transportmidlar. Dette er eit syn å sjå!
Fyrverkerifestivalen
I Tollmånad er det kvar sundag kvalifisering til Fyrverkerifestivalen. Dette er ein festival der lokale bedrifter konnkurerar med å lage det mest spektakulære fyrverkerishowet. Det heile avsluttast med finale på nyttårsafta den 28. Tollmånad.