Forkledning

Introduksjon

Dette dokumentet skildrar korleis forkledning fungerar i Tella-campaigns.

Viktige element

Disguise Kit

Dette er verktøyet ein treng for å utøve aktiviteten.

Klesskap

Det er ofte greit å henge opp kostyma sine ein plass, og då er klesskap eit godt alternativ. Desse kan ein byggje i huset sitt. Sjå Spelareigde hus for meir informasjon.

Prosess

Når du lagar forkledningar er det viktig å vere realistisk med intensjonane dine. Ein medium skapning vil aldri greie å forkle seg som ein stor bjørn eller ein liten Pixie. Ein medium skapning kan berre forkle seg som ein anna medium skapning med liknande anatomi. (Unntak fins, snakk med DM om dette).

Laga ei forkledning

Nokre forkledningar er lette å lage, medan andre er mykje meir komplekse og involverande. Det eksisterar tre nivå med kompleksitet når det kjem til forkledningar, og disse er skildra i tabellen under. Kvar kompleksitet har forskjellige produksjonstider assosiert med seg, samt reflekterar kor mange detaljar og effektar du kan lage innan tidsramma. Ingen sjekkar krevast for å lage forkledninga.

TypeProduksjonstidForklaring
Plain Disguise (Enkel forkledning)10 minuttEnkle og mindre kosmetiske endringar som å lage eit lite arr, svartna tenna, mindre tatoveringar, ta på parykk, endre enkle klede, eller andre mindre endringar.
Middling Disguise (Moderat forkledning)1 timeMeir kompliserte kostyme og kosmetiske endringar som større arr, større midlertidige tatoveringar, farge håret, style/kutte håret, ta på seg kompliserte klede, eller andre endringar. I utgangspunktet kan du nytta ein short rest til dette, så lenge det du gjer ikkje er alt for komplisert.
Elaborate Disguise (Avansert forkledning)8 timar (typisk, men kan ta lang tid, DM bestemmer)Dei mest avanserte og og komplekse forkledningane som kan vere å lage heilt nye klede frå "Bolt of Cloth"-er, komplette og store tatoveringar, tjukke lag med sminke, eller lage heilt nye persona-er for opptreden din.

Ikkje-standard anatomi

Dersom du prøver å forkle deg som ein skapning som har hale eller ein anna kroppsdel som du ikkje har, så kan du laga ein ikkje-funksjonerande versjon av den. Dersom ein nyttar 8 ekstra timar på prosjektet, kan ein gjere at denne kroppsdelen ser realistisk ut. Basert på kor intrikat og kompleks denne kroppsdelen er, vil DM kanskje gje deg disadvantage på sjekkar relatert til kostymet.

Interaksjon

Å nytte forkledning vil ofte sette deg i situasjonar der den egentlige identiteten din kan verte oppdaga. Ein mistenkeleg skapning kan gjere ein Insight-sjekk mot din Charisma (Disguise Kit)-sjekk. (Eventuelt deception for andre enn deg sjølv). Du har advantage på sjekken dersom du nyttar dobbel tid på forkledninga di.

Eksempel

Du gjer deg sjølv ein liten midlertidig tatovering, ein Plain-forkledning som normalt sett tar 10 minutt og du nyttar 20 minutt på den i staden for. Då har du advantage på sjekken. Ei moderat forkledning treng 1 ekstra time, medan ein avansert vil trenge dobbel så lang tid.

Ekstra material

Når du lager forkledningar kan det vere spesielle material som ikkje er med i kit-et ditt. Under er ein tabell med forskjellige material ein enten kan kjøpe eller laga sjølv.

ItemKostnadVektSjølvlaga
Bolt, Cotton (25 feet)5 gp10 lbSying og veving
Bolt, Wool (25 feet)10 gp5 lbSying og veving
Bolt, Silk (25 feet)8 gp12 lbSying og veving
Clothes, Common5 sp3 lbSying og veving
Clothes, Costume5 gp4 lbSying og veving
Clothes, Fine15 gp6 lbSying og veving
Clothes, Traveler's2 gp4 lbSying og veving
Eyepatch2 cp-Sying og veving
Ink (1 Vial)10 gp--
Makeup, Misc20 gp1 lb-
Mirror, Steel5 gp1/2 lb-
Robes1 gp4 lbSying og veving
Sack1 cp1/2 lbSkinnarbeid
Soap2 cp-Alkymi og gift
Wig, horse hair10 gp--
Wig, human hair20 gp--