BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Stjerneskår

"Då verda vart skapt av Dei Høgare Gudane av Kosmos, forma dei Kvarend og lovane dens med eit rammeverk av stjernar. So då verda sprang til liv og vaks seg større og meir mangfaldig, brast dette rammeverket. Bitane ramla ned til jorda, og vart spreidd ut over verda. Nokre vart funne og gøymd bort. Andre er endå der ute. Me kallar desse bitane for Stjerneskår, og dei held ein ubegripeleg makt. Ein som brukar kraften deira vil kunne endre lovane som held Kvarend saman..."                                                  -Pastor Urman   Få veit kva stjerneskår er, og enda mindre kva kraft dei held. Nokre stjerneskår har vorte brukt utan kunnskap om det er for noko.
  • Lady Hegra brukte ein heilag artefakt til å skape sitt rike som vart kalla Hegras Knute. Det misstenkast at dette kan ha vore eit stjerneskår. Knuten har dessverre forsvonne i The Sarrátrast.
  • Farahn, Father of Saints brukte nok eit skår til å utvikla sin formel for å skape liv etter livet.
Andre har vore informert om skåra sin kraft og har søkt dei ut.
  • Jarnjakta var eit korstog som hadde som mål å samla alle skåra i Kvarend. Dei forsvant sporlaust utanfor Masjoma med to skår i sitt gods.
  • Voceiros, Gud over Hava og Stormen skal ha funne eit skår i Voceiroshavet som han stiller ut i sitt skattkammer.

Comments

Please Login in order to comment!