BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Jarnjakta

Jarnjakta er den mest frykta hæren i vestlege Kvarend. Den vart stifta av Gamle Kong Faver II i eit forsøk på å stanse Falminga. Målet til korstoget var å finna nok Stjerneskår til å kunna forma eit unntak for Falminga i Skarmark, men etter å ha funne to forsvann heile korstoget sporlaust utanfor Masjoma.   Gamle Kong Faver II brukte sin rikdom, makt og reiligøse posisjon til å få samla dei mektigaste krigarane i heile Kvarend. Desse vart utrusta med heilag rustning og armatur av støypejarn, og velsigna med evig liv. Dei skulle aldri døy av aldardom før deira gudsgitte oppdrag, å samla alle verda sine stjerneskår, var fullendt.   Det fyrste skåret tok dei ved Tonnlurhaugen. Ingen lev i ruinane som ligg igjen etter Jarnjakta i dag.   Det andre skåret skal dei ha funne omkring Masjoma. Orkane fortel at dei vart angripne og beseira av Jarnjakta, Kva som hende med korstoget etter dette er uvisst.   Jarnjakta leiast av Sverdhelgen Siobhan, den Ubeseira. Ho kallast òg "Sverdknusaren", på grunn av hennar mektige sverd som kan knekke våpen slik eit vindkast knekker greiner.   Andre kjende medlem er Sir Sullivan - Varghogg, Sir Malcolm og Sir Alastair - Gråbein, Lady Maeve - Skrubbhogg.      
Sverdhelgen Siobhans sverd, Gudsdom, og hennes stilett.
Type
Military, Mercenary Group

Comments

Please Login in order to comment!