Masjoma
Orkefolket har alltid vore berykta for sine evner innan strid og krigføring, men det i ein periode var det ikkje slik. Under Drakeepoken vart orkefolket samla under ein fredeleg gud, som viste dei glede, kjærleik, kunst og velferd. Masjo, som den kalla seg, etablerte ein by i ein ubebodd del av Kvarend, der den saman med orkefolket byggja eit paradis. Men, ein dag forlot Masjo dei. "Eg vender tilbake snart," var det siste Masjo sa til dei.
Orkane venta, og venta, og venta. Åra gjekk, og vart til tiår, hundreår...
Dei måtte få guden sin tilbake. Dei måtte vise dei at paradiset var blitt enda betre sidan dei dro. Millionar av orkefolk jobba saman om å gjere Masjoma umogleg for guden deira å ignorere. Dei byggja megatempler, kolosseum, enorme amfiteater, men Masjo kom ikkje.
Den strålande godheita og skjønnheita til Masjo vart litt og litt gløymd for kvar generasjon, til guden dei venta på var intet meir enn eit segn, ei myte. Monge dro ut att i verda, og monge vart igjen, og fortsatte å byggje. Men, den dag i dag, er du ikkje ein ekte ork om du ikkje har vore på pilgrimsferd til Masjoma og hjulpet med å gjere det endå meir storslått.
Type
Temple / Religious complex
Comments