BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Bjørkholt

Djupt i Eddaskogen, kring bjørketrær og blåmose, står ein umenneskeleg vakkar steinportal, kalla Sølvporten. Omkring denne ligg den tilsløra landsbyen Bjørkholt. Staden er hemmeleg, og ytterst vanskeleg å finne utan å vite kvar han er. Men, skulle du nokonsinne forlate den og Bjørkholt, vil du aldri finne han igjen.

Demographics

I Bjørkholt bur det omkring 350 etterkommarar av hornfolk-flyktningar i forskjellege fargar og bakgrunn.

Government

Folket i Bjørkholt har ein eigen orden av ridderar som vier sitt liv til å beskytte Sølvporten, som består kun av kvinner. Voktarane av Sølvporten består av fire rangeringar under ein stormeister:
  • Stormeisteren (1), Voktarane og de facto Bjørkholt sitt overhovud.
  • Sølv-Ridder (7), består av veteranar som beskyttar sjølve Sølvporten. Alle Sølv-Riddarar tek òg ein Grøn Ridder som lærling.
  • Segn-Ridder (18), beståande av alle som har fullført si trening som Grøn Ridder. Oppgåvane deira er å beskytte utkanten av Bjørkholt frå onde skapningar, bestemme kva for nokon reisande som får besøkje landsbyen, og styre treninga av militsen.
  • Grøn Ridder (7), beståande av unge rekruttar som lærast opp av Sølv-Riddarane. Tida som lærling varierar frå person til person.
  • Bjørkholt-militsen, beståande av meir eller mindre heile den vaksne befolkninga i landsbyen, inkludert menn, som månedleg deltar i kamptrening arrangert av Voktarane.
Voktarane blir av utomståande òg kalla "Hornriddere" på grunn av opningar i hjelmane deira for horna. I landsbyane rundt Eddaskogen blir historier fortalde til barn om hornriddarane som tek deg om ein vandrar for longt inn i skogen åleine. I røynda unngår Voktarane å drepe om dei ikkje må, og føretrekkjer å usett overvaka inntrengjarar fram til dei må jagast bort eller, i nokre tilfeller, be dei inn som gjester.

History

Det seiast at for lenge sidan inngjekk grunnleggjarane av Bjørkholt ein avtale med ein av Kvarends Gudar, Veenya, Gudinne av trær, skjønnheit og minne. Avtala var at Veenya skulle beskytte landsbyen med trolldommen sin, i bytte mot at dei bevokta den hemmelege portalen til hennar domene. Formelen gudinna la over Bjørkholt gjer slik at om ein forlet det fortryllede området gløymer ein vegen tilbake dit, og vel umedvite ein retning som førar vekk frå Bjørkholt om ein prøvar å ta seg vegen dit. Jo lengre ein er i landsbyen, jo lengre huskar ein vegen tilbake. Dette hindrar ikkje folk eller skapningar frå å vandre inn i Bjørkholt, noko som forklarar kvifor Veenya valde å inngå ein avtale med eit folk som vanlegvis ikkje tilber ho om ytterlegare beskyttelse av Sølvporten. På sin side fekk hornfolket ein fristad frå forfølging ved å busetja srg i det fortrylla området kring portalen.   Dessverre for innbyggjarane i Bjørkholt har dei små detaljane kring formelen gått tapt med tida. På grunn av dette er det meget sjeldan hornfolk forlet Bjørkholt, og like så sjeldan dei får det same besøkjet to gongar.
Type
Hamlet
Location under

Comments

Please Login in order to comment!