Veenya, Gudinne av trær, skjønnheit og minne
Ifølgje er Veenya dotter av Gymama, Gudinne over Planter, og ein av Kvarends Gudar. Veenya er gudinne for trær, skjønnheit og minne, der førstnemnde representerar dei to påfølgjande.
Ho tek monge formar, men når ho tek imot gjester eller reiser omkring i Kvarend tek Veenya som oftast form av ei alvekvinne, ei ugle eller ein hind. Desse formane kjenneteiknast ved sine sølvfarga hår, fjør eller pels. Ho omgir seg med eit hoff av feer, dryadar og nymfer. Ho kan opplevast forfengeleg og sjalu, men òg gavmild og rettferdig. Veenya blir ofte nemnd med tittelen "Dronning av Bjørkepalasset", som er hennar bustad i Segnskogane. Bjørkepalasset er umogleg å finne med mindre ein veit kvar det er. Den einaste vegen til palasset frå Kvarend er ein portal som står ein ukjend stad i Eddaskogen, og som voktes av Bjørkholt.
Bjørkepalasset seiast å vere fantastisk vakkert, beståande av tusenvis av bjørketrær med sølvfarga blad som ved hjelp av treskulptering er forma til veggar og tak. Monge lærde meiner at biblioteket i palasset den største samlinga av bøker frå Kvarend, då Veenya brukar mykje av si tid på å samle kunnskap som ho kan bevare til ettertida. Alle bøkene i biblioteket til Veenya er kopier av originalen, skrevet etter minnet frå Veenya sjølv.
Comments