Kopperdal
Om
Kopperdal er ein gruvelandsby midt på Nuevoterra i Nord-Nagár. Byen er kjend for å vere sentral i utvinninga av forskjellige typar malm, og har tent gode pengar på dette. Det har gjort byen til eit mål i mange år, og difor har militæret tatt over byen. Dette har gjort Kopperdal til ein militærstyrt by med all slags restriksjonar på eigendelar, spesielt våpen. Byen fekk namnet sitt etter eit stort koppar-funn på 800-tallet, og har i åra etter utvida til både jarn, kol, tinn, gull og sølv-produksjon. Andre mineral er også tilgjengelig i områda rundt, spesielt oppe i fjella. Grunna det farlige arbeidet, har byen trekt til seg mange forskjellie rasar med skapningar som jobber i gruvene. Det gjer Kopperdal til ein av dei mest multikulturelle byane i heile Nagár.
