SiN - Sesj 31 - Ei tønne til besvær
General Summary
Sesjen starta utanfor heleriet i Kopperdal der Hövel hadde noko som kunne likne på eit panikkanfall. Etter dette fekk dei liv i Hövel igjen og tok han med seg for å finne noko transport ut av byen. Dei fekk forhandla til seg hest og kjerre, samt ei tønne med øl. Ute av byen traff dei på Zwei som hadde ein idé om å bygge ski på flyet sånn at han kunne treffe dei nede ved Kryssdal og at dei då slapp å reise heile vegen opp igjen for å treffe han. Dette gjorde dei, og dei såg samstundes at ein gjeng med monstre trakk seg sørover på den vegen dei sjølv skulle gå. Vel ferdige med flyet tok dei vegen fatt og reiste sørover mot Kryssdal. Det tok nokre timar, men dei kom fram om kvelden og fekk levert frå seg kofferten til politiet i Kryssdal. Deretter fekk dei forhandla med Freiter Gobler om pris på trylledrikken, og kom seg vidare. Etter eit forsøk på å selge hest og kjerre til ein lokal transportmann, greidde Guunar å knabbe kølla til hesten med uhell og dette gjorde at den stakk av med vogn og øl.
Dei gjekk så ut av byen for å ta imot Zwei med flyet, og dette enda med krasj i ein bakke som var på eit av jordene der. Heldigvis overlevde Zwei krasjen og dei starta på å få flyet på vingene igjen. Dette tok natta og litt ut på dagen, og dei fekk tatt av rundt middag. Kompasset viste over 100 miles vestover etter at Hövel butta sigaren sin i kompasset, så dei valde å reise 1,5 timar den vegen noko som i teorien skulle utgje rundt 150 miles med normal fart. Her slutta sesjen...


