Treskurd
Introduksjon
Dette dokumentet skildrar korleis treskurd (treskjæring) fungerar i Tella-campaigns.
Viktige element
Woodcarver's Tools
Dette er verktøyet ein treng for å utøve aktiviteten.
Dreie- og rutebenk
Med dette apparatet vil du kunne gjere alle produksjonssjekkane dine med advantage. Sjå Spelareigde hus for meir informasjon.
Prosess
Aktiviteten treskurd er ein prosess der du kan lage flotte utskjeringar i treverk eller lage dødlege våpen i tre. Du bruker redskapane dine til å forme tre-emnet etter ditt ønskje. Dår du utøvar denne aktiviteten, gjer du sjekkar med Dexterity (Woodcarver's Tools)-sjekkar.
Lage prosjektet
Treskurd kan vere ein kort prosess dersom ein lagar ein enkel statue som passar i neven din, eller det kan vere vekeslange prosjekt for å lage totem i menneskehøgde. For å jobbe med treskurd må ein bruke 10 minutt eller meir på prosjektet sitt. Ein liten hestefigur kan ta desse 10 minuttane, medan ei kongetrone kan ta mange veker eller månadar. Dei fleste enkle prosjekt tar opp til ein time å fullføre, men dess meir detaljar og utbroderte design prosjektet får, dess lengre tid vil det ta. Treskjeringsprosessen delast inn i to kategoriar: Detaljar og Omfang.
Detaljar
Detaljnivået styrar kor lang tid prosjektet kjem til å ta. Tidene viser eit minimum, og DM kan utvide tidene dersom prosjektet tilseier det.
| Type | Produksjonstid | DC-auke | Forklaring |
|---|---|---|---|
| Vag | Minst 5 minutt (+ omfang-tiden) | +1 | Eit mindre prosjekt med vage detaljar. Dette kan vere pilestag, dørstokkar og andre enkle objekt. |
| Lett | Minst 1 time (+ omfang-tiden) | +3 | Litt meir involverande prosjekt med enkle formar som skapar figurar. F.eks. ein hestefigur utan pels, hovar, osv. |
| Mykje | Minst 8 timar (+ omfang-tiden) | +6 | Store prosjekt med intrikate detaljar som fjør på ein fuggel eller legje til rynker på eit tre-fjes. |
Omfang
Omfanget styrar også kor lang tid prosjektet kjem til å ta. Tidene viser eit minimum, og DM kan utvide tidene dersom prosjektet tilseier det.
| Type | Produksjonstid | DC-auke | Forklaring |
|---|---|---|---|
| Enkel | Minst 5 minutt (+ detalje-tiden) | +1 | Dette er prosjekt på storleik med ei hand og veg under 2 lb. |
| Omfattande | Minst 1 time (+ detalje-tiden) | +3 | Dette er prosjekt på storleik sånn at ein kan handtere det med to hend, ofte under 30 lb. |
| Enorm | Minst 8 timar (+ detalje-tiden) | +6 | Dette er store prosjekt som krev opp til fleire mann å flytte på. |
Utføring
Etter prosjektet er ferdig eller det har gått 8 timar, det som kjem først, så må ein gjere ein Dexterity (Woodcarver's Tools)-sjekk for å sjå korleis prosjektet går. Dersom ein får det til, gjer ein framsteg på prosjektet eller vert ferdig med det dersom det ikkje er meir tid igjen. Klarer ein det ikkje, gjer ein ikkje framdrift den dagen. Dersom denne failen er med meir enn 10 (frå og med 11) vil prosjektet verte øydelagt. DC for prosjektet er satt til 8 + detalje-modifier + omfang-modifier. (Sjå tabellar over for modifiers). Enkelte tilfeller gjer at DM kan auke eller synke DC, og på større prosjekt som tar mange dagar og veker kan det vere nok med sjekk kvar 24 time i staden for kvar 8. time. Dette bestemmer DM.
Begrensa verktøy
Dei verktøya du har med deg er relativt enkle. Difor er det lettare å arbeide med treskurd dersom du har tilgang på ein arbeidsbenk. Dette kallast "Dreie- og rutebenk" og kan lagast i Spelareigde hus.
Leite etter material
Før du startar på eit prosjekt må du finne alle materiala du treng. Du treng å finne ein trebet som er ca. i same storleik som prosjektet ditt. Du alltids karve vekk material, men det er mykje verre å feste på meir... Så lenge du ikkje har andre måtar å få material på så må du leite gjennom skogar for å finne dei perfekte materiala. DC-er satt basert på tjukkelsen og typen skog du leitar i, sjå tabell under.
| DC | Tjukkelse/Type skog | Omfang |
|---|---|---|
| 5 | Veldig tett, masse trer | Enkel |
| 8 | Tynnande skog, mest nyvekst | Enkel |
| 10 | Skog som døyr av sjukdom, mest skudd | Enkel |
| 10 | Veldig tett, masse trer | Omfattande |
| 13 | Tynnande skog, mest nyvekst | Omfattande |
| 15 | Skog som døyr av sjukdom, mest skudd | Omfattande |
| 15 | Veldig tett, masse trer | Enorm |
| 18 | Tynnande skog, mest nyvekst | Enorm |
| 20 | Skog som døyr av sjukdom, mest skudd | Enorm |
Eksotiske material
Ikkje alle tretypar er like, og enkelte material har speiselle eigenskapar som gjer bonusar til våpen laga av det. I tabellen utforskar me dei forskjellige tretypane og kva bonusar og eigenskapar dei gjer. Det kan også hende du ikkje greier å finne riktige material eller storleik på emnet, så tabellen inkluderar også prisar på å kjøpe material på butikk, gitt du finn ein plass som forhandlar det.
| Material | Vekt | Kostnad | AC | HP | Tretypar | Bonus | Forklaring |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Mjuktre (Softwood) | 1 lb | 2 cp | 10 | 5 HP pr. inch | Bjørk, gran, teak, valnøttseik | - | Vanleg tretype nytta til treskurd. |
| Hardtre (Hardwood) | 1 lb | 1 gp | 10 | 10 HP pr. inch | Mahogany, eik, furu | Våpen gjer +1 ekstra damage | Vanleg tretype som er litt hardare enn mjuktre. |
| Forsteina tre (Petrified Wood) | 1 lb | 2 gp | 15 | 3 HP pr. inch | - | Våpen gjer 1 ekstra damage terning ved crit (ikkje dobla). | Forsteina tre som basiliskar eller andre kan lage. |
| Drakebrent (Dragon Burned) | 1 lb | 5 pp | - Trerasen - | - Trerasen - | - | Fire damage i staden for den originale damage-typen. | Når ein drake forbrenn skogar skjer det ein skjeldan gong at noko av magien i drakeelden forplantar seg i dei forbrente trea. |
Kva kan ein lage?
Under kjem ein tabell med forskjellige prosjekt ein kan starte på. Snakk med DM dersom du har noko konkret i tankane som ikkje står på lista.
| Prosjekt | Detaljar | Omfang | Tid å skurde | DC | Antall sjekkar |
|---|---|---|---|---|---|
| Arrow | Vag | Enkel | 10 minutt | 10 | 1 |
| Temple Pulpit | Mykje | Enorm | 16+ timar | 20 | 2+ |
| Quarterstaff | Vag | Omfattande | 1 time | 12 | 1 |
| Shield | Vag | Omfattande | 1 time | 12 | 1 |
| Figurine of a horse | Lett | Enkel | 1 time | 12 | 1 |
| Owl Statue | Mykje | Omfattande | 9 timar | 17 | 2 |
| Intricate Whistle | Mykje | Enkel | 8 timar | 15 | 1 |
| Small Carving Board | Vag | Enkel | 10 minutt | 10 | 1 |
| Throne for a Sprite | Mykje | Enkel | 8 timar | 15 | 1 |
