SiN - Sesj 33 - Det var på hengende Hövel

General Summary

Sesjen starta med at gjengen utforska grotta der månebassengen er. Deretter tok dei seg ein long rest, og starta turen nedover i grotta. Vel nede tok dei seg inn i eit rom med Zombiar som oppdaga dei og det blei kamp. Under kampen hadde Hövel store problem med å holde kontrollen, og han enda med å angripe lagkameratane sine. Dette fall ikkje i god jord hos dei andre etter kampen. Deretter undersøkte dei nokre sletne telt som låg lenger framme, og der fann dei ei dagbok mest sannsynleg skriven av nokon her nede, samt ei løkt med halv tank olje. Etter dette gjekk dei vidare, men brua framfor dei var for svak og dei havna i vatnet under. Der blei dei angripen av Quippers. Hövel var døden nær, men greidde seg så vidt. Etter dei kom seg opp gjekk dei vidare innover, med Kogel konfronterte Hövel med angrepet på han. Det blei eit oppvakmøte dei imellom. Samstundes las Brynjar i dagboka han fann og lærte litt om kva som har skjedd her nede, medan Koppen fekk Message frå Sleive som kunne fortelje at Kaptein Støvvel no visste alt. Her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
29 Nov 2025