SiN - Sesj 29 - Tilbake til start

General Summary

Sesjen starta med at gjengen campa utanfor Portád langs kysten til Nuevoterra. Dei diskuterte korleis dei skulle kome seg vidare, og snakka med Zwei Zehn om kva han anbefalte dei å gjere. Ut av alle mogeligheitane som vart presentert, så blei planen i første omgang å reise til Ny-Ulele for å sjekke ein mogeleg kjellar i Kaldemehl's tårn dei kanskje ikkje hadde sjekka. Dei reiste så sørover der dei på vegen både såg Cambarra i aust og Carlos Cortez sin Pescetano-ekspedisjon i vest på veg nordover. Dei landa så i Ny-Ulele og blei tatt i mot av Sheriffen og Qutrix. Dei gjorde nokre erend i byen, og fekk snakka med Sheriffen på kontoret hans. Der fekk dei vete litt om ein eventyrar som budde i byen i periodar før havstigninga, men at han dø under denne. Han etterlot seg eit notat etter at han jobba med å få tilgang til trollmannen's tårn, noko som Sheriffen framleis hadde. Dei skreiv av det dei kunne, og reiste så opp på fjellet.

Der oppe greidde dei å lande, Brynjar ga 24 torches til Zwei sånn at han kunne sette opp rullebane for å ta av igjen. Dei gjekk så opp mot tårnet, men blei overraska av eit snøskred på veg opp. Deretter gjekk dei inn i tårnet og greidde å få tilgang til kjellaren. Der fann dei masse trylledrikkar, nokre maskiner og arbeidsbord. Etter Brynjar løfta ein av desse flaskene, trigga ei magisk felle som summona eit stort monster. Dei gredde etter ein haftig kamp å drepe det, og her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
01 Oct 2025
Primary Location