SiN - Sesj 26 - Me treffast i Portád
General Summary
Sesjen starta med at gjengen kom i land i Portád og tok inn på Den Dansande Sild. Det blei hub-en deira for kvelden. Dei tok seg også ein tur opp til Arroz con Ferrum for å høyre kva siste status var. Arroz hadde fått kontakt med kula og dermed Kaldemehl, men han fråråda dei å forhandle med han. Dei viste og forklarte kompasset til Arroz, og reiste så derifrå med beskjed om at dei berre hadde 6 dagar igjen for å få G'hanir tilbake. Deretter tok dei kvelden med middag i lag med Utforskarane. Guunar fekk eit brev med nyttig informasjon, og Kaptein Støvvel spurde han litt rundt dette. Han ville ikkje sei så mykje, så Kapteinen virka litt skeptisk. Ho fekk i alle fall bruke kompasset og skreiv ned informasjonen ho trengte. Deretter takka ho for seg og Utforskarane tok kvelden.
Dagen etter vart det handlerunde i Portád før dei tok turen opp til kommunehuset. Der prøvde dei å få kontakt med Lektor Olb, men dette viste seg å vere verre enn dei trudde. Han var ikkje interessert i å snakke med dei, og greidde å bli oppdaga då han lytta til samtalane i skranka. Dei prøvde då å konfrontere han, men blei rygga ut av to vaktar. Det bestemte seg då for å snakke med politiet for å få råd til kva dei skulle gjere. Det viste seg at politiet også hadde Lektor Olb under radaren, og at det Gutta på Kanten holdt på med faktisk var på kanten av loven. Mot at politiet ikkje skulle gå vidare med Gutta på Kanten si involvering, så ville politiet ha dei med på avhøyret av Lektor Olb. Medan dette skjer sit Brynjar og Kogel utanfor og les i ei viktig Dvergebok dei fann i Randi og Ulve's Bokbutikk. Her slutta sesjen...

