SiN - Sesj 21 - Konkey Dong
General Summary
Sesjen starta med at gjengen flykta frå ei kjempe-ape. Det blei gjort skill-challenges, der dei så vidt greidde å tilfredstille kravet. Mens dei sprang fekk Guunar beskjed frå Sleive at noko var gale. Det kom piratar frå nord så dei ville flykte sørover. Etter dette fann gjengen ei grotte som dei gjøymde seg i. Apekatten prøvde å få tak i dei inne i grotta, så dei valde å reise lenger innover for å sjå kva som var i enden. Blant anna greide dei å finne ein veg til ei grotte med masse piratar, ein grotteveg det eit skjelett hadde ein del loot, og i tillegg ein veg som virka å vere ein veg vidare. Dei planlagte seg imellom for å finne beste taktikken, og deretter splitta seg. Guunar fekk så beskjed frå Sleive at dei no var under angrep, og at dei skulle kome tilbake til dei når dei kunne. Kogel og Koppen gjekk for å sjå om apa var der framleis, noko ho var. Dei blei nesten drepen, men greidde å kome seg der ifrå. Vel tilbake holdt dei på å verte kvelt av røyk frå piratdelen av grotta, så dei valde å gå vidare inn med resten. Dette gjekk bra, og med litt sømjing, snirkling og demontering av brønn så kom dei seg tilbake til Lizardlandsbyen.
Tilbake i landsbyen fekk dei utlevert sverdet, mat og anna dei trengte. Dei fekk også 8 soldatar med seg som skulle følgje dei tilbake der dei trengte. Men, berre for 1. dag, og så måtte dei tilbake. Om natta fekk Brynjar identifisert ein del av tinga dei fann. Guunar fekk ei ny meldig frå Sleive at mannskapet no var hardt skada, og at dei hadde tatt seg i land med eit krater. Guunar søv vidare for at alle skulle få long rest, og så sa det til resten om morgonen. Dei sala opp, og gjorde seg klar til å reise. Vel ute av byen blei dei vinka til, og dei reiste vestover med dei 8 vaktane. Her slutta sesjen...