SiN - Sesj 20 - I Krakhovs teneste

General Summary

Sesjen starta med at gjengen hadde samla seg rundt leirbålet og diskuterte kva dei skulle gjere vidare. Etter at shamanen var borte og snakka med dei, fekk dei vete at landsbyen skulle gå til krig mot nokre piratar som hadde kidnappa folk frå landsbyen og ein anna landsby. Etter samtaling internt i gjengen kom dei fram til at dei ville hjelpe bygda. For dette skulle dei få betalt med ein flott sverd, som egentlig skulle ofrast til guden deira Krakhov. Dei reiste morgonen etter inn i jungelen, i lag med hærførar Glorb, for å finne desse piratane. Etter ei stund med vandring kom de opp på ein bakketopp så dei fekk betre utsikt. Der såg dei piratskip i både sør (2 stk) og aust (5 stk). Dei gjekk så vidare ned og kom til campen til piratane. Dei planlagde å snike seg mot den, men etter at Brynjar spawna ein kjempe-elg, blei det rusha kamp. Det gjekk likevel bra, og dei befridde fangane. Dei tok seg deretter ein kikk om dei fann noko av verdi. Deretter tok dei beina fatt for å gå tilbake mot lizardlandsbyen. På vegen fann dei eit område der ein del trer hadde blitt brutt ned. Medan dei gjekk gjennom der, blei elgen deira snappa opp av ei kjempe-ape som begynte å ete på den. Hövel fekk akkurat yttra eit klynk til dei andre, stille. Her slutta sesjen...

Character(s) interacted with

Grikko, Gekko, Herr Shaman, Glorb, Krakka
Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
13 Jun 2025