SiN - Sesj 19 - Flukten fra piratane i grotta
General Summary
Sesjen starta med at gjengen gjøymde seg for det som kunne høyrast ut som fiender som nerma seg. Det var riktig, ettersom ein gjeng med piratar og ein magikar kom opp frå vegen nedover. Magikaren kasta magi på to av piratane som no byrja å sveve, og for oppover grotta for å fortsette hoggearbeidet. På veg oppdaga dei at Gutta på Kanten hadde prøvd å klatre der, og det begynte difor ein kamp mellom dei. Magikaren kasta ei flammekule som satte mange av dei ut av spel, og stakk av. Dei andre piratane daua enten av tryning, drukning og eit sjølvmord. Etter dette valgte gjengen å sjekke piratane for loot, og for så etter magikaren som hadde flykta. Vel nede i grotta høyrde dei at ein heil gjeng med folk kom mot dei. Kjapt tenkt av Guunar så satte dei av ein eksplosjon som stengte grotta. Deretter skunda dei seg opp igjen. Vel oppe ved kamp-plassen diskuterte dei korleis dei skulle kome seg vidare, og bestemte seg for å prøve med vasskinna og fylle dei med luft som dei kunne ta med seg medan dei søm. Med piratane i helane stakk dei vidare innover den midtre vegen. Der organiserte dei sømjinga sånn at dei kunne nå brønnen. På tross av litt problem for enkelte så kom dei seg opp i brønnen og blei tatt imot av Lizard-folka. Dei blei tatt opp og tørka tørre. Her slutta sesjen...