OS - HJ - Sesj 2 Report

General Summary

Sesjen starta med at gjengen besøkte Motorola Telekom og Politimeister Alliande Sebbah. Der fekk dei i oppgåve å samle bevis for kva som hadde skjedd. Det gjorde dei, blant anna jakken til Mikal Jackrabbit-son fann dei på sjøen. Dei kunne då konkludere med at han hadde blitt tatt med ut til ei av dei mange øyene utanfor Hoppestad. Der bur det kobolder som ikkje er gode folk. Dei fekk då prokurert ei ferge som tok dei ut mot øya. Der traff dei Hoppeline Snute, ein gamal flamme av Kanél Snurr. I land på øya navigerte dei seg mot kobold-ane, og dei møtte på ei bru på vegen. I det dei prøvde å ta seg over brua kom det ein kjempe-skorpion som angreip dei. Altè Snurr gjekk ned, men dei greidde å halde liv i han. Etter kampen søkte dei tilflukt i ei lita grotte dei fann rett ved. Her slutta sesjen...

Campaign
Harejakt
Protagonists
Report Date
31 Jul 2025
Primary Location