OS - HJ - Sesj 1 Report
General Summary
Sesjen starta med at gjengen kom heim til Hoppestad og møtte på gamle og nye folk. Dei deltok på diverse leikar og kjøpte seg snop. Blant anna fekk dei prøve seg på styrkeprøvar og deltok på Ugunstig Kulturmønstring der dei fekk sjå ungdommar prøve seg på scena. Blant anna var Trond Snuse der og spelte på trombonen sin. Seinare på kvelden gjekk dei for å sjå Mikal Jackrabbit-son på scena. Under konserten blei Mikal kidnappa, og gjengen stakk etter kidnapparane. Der enda dei opp med å kjempe mot kobolder som nok hadde noko med kidnappinga å gjere. Etter kampen kom Politimeister Alliande Sebbah og tok over. Dei gjekk så heim. Her slutta sesjen...