Kjeledyr

Introduksjon

Dette dokumentet skildrar korleis kjeledyr fungerar i Tella-campaigns.

Viktige element

Dyret

Dyret i seg sjølv er viktig å tenkje på. Dersom ein har eit dyr som trivast best i vatn, er det då lurt å ta det med seg på land? Eller flygande dyr, inn i ei mørk og trang grotte? Det er alltid lurt å velgje eit dyr som både vil trivast med gjengen, samt i områda ein går.

Fôr

Dersom ein har fôr med seg er det ein god måte å halde dyret nøgd på. Hugs at dyret sin storleik bestemmer kor mykje mat det treng. Ein bjørn treng for eksempel mykje meir mat enn eit ekorn. Dersom ein ikkjer matar dyret, vil det nytte Short Rest på å finne mat på eigen hand. Hugs at dyret ikkje kan finne mat på eigen hand dersom ein befinn seg i øde terreng. Dyr som er i sitt eige element finn mat utan problem, men dei som er utanfor sitt terreng må gjere ein Survival-sjekk for å finne mat. DC vert satt ut i frå storleiken på dyret. Tabellen under viser kor mykje mat eit dyr treng i løpet av ein dag:

StorleikMengde matFinne mat på eigen hand DC, ikkje eige terreng
Large2 rasjonarSUR DC 14
Medium1 rasjonSUR DC 12
Small1 rasjonSUR DC 10
Tiny1/2 rasjonSUR DC 9
"Very Tiny" (Pille små dyr)Rasjon-nibbleAuto OK

Ansvar

Hugs at det å ha eit dyr krever eit stort ansvar. Mange dyr kan ordne seg sjølv med fôr og anna dersom det får tid til det med Short Rests. Ellers må ein tenkje over ansvaret med dyret. Vil eg rissikere å ha det med meg på eventyr? Toler eg å rissikere livet dens? Hugs at ein del dyr også kan vere att heime når ein reiser på tur. Då klarar dei seg ei viss mengde tid før dei stikk av. Denne tida varierar, så ver forsiktig. I hus ein sjølv eig er det andre reglar. Der kan dyr vere i lengre periodar dersom dei har mat tilgjengeleg. Sjå Spelareigde hus for meir informasjon.

Mekanikker

Finne ein kamerat

Kjeledyr er "Beasts" som reiser med partyet av eigen vilje. Mykje forskjellig bestemmer om dyret er villig til å følgje med eller ikkje.

Kva dyr kan ein temme?

"Beasts" som er Large eller mindre kan temmast. Enkelte rasar og klassar kan vere med på å påverke om dyret ønskjer å joine.

Jobbe med party-et

For at eit dyr skal joine partyet, må det gjerast ein Animal Handling-sjekk av den med høgast score. DC-en vert satt av DM, og ein kan påverke DC på forskjellige måtar skildra seinare i dokumentet. Basert på kor mykje over eller under sjekken ein er vil dyret oppføre seg forskjellig mot partyet.

Band

Dyret har tilknytning til partyet i sin heilheit og ikkje berre éit medlem. Dersom partyet splittar opp vil dyret velgje sjølv kven det vil vere med. Dyret responderar ikkje til kommandoar, men dess lenger dyret er med partyet, dess meir sannsynleg vil dyret forstå og samarbeide med partyet.

Påverknad

Det er mykje som kan verke inn på DC-en for Animal Handling-sjekken. DC-en startar på DC 10 + dyrets Wisdom(Insight)-modifier.

Rasar

RaseDC-justering
Dvergar-1 til alle underground beasts
Alvar (ikkje drow)-1 til alle woodland beasts
Aarakocra-1 til alle flygande beasts
Tabaxi-2 til Cats, Lions, Panthers, og Tigers
Tritons-2 til alle water beasts

Klassar

KlasseDC-justering
Barbarians-1 til alle Bears og Wolves
Druids-2 til alle woodland beasts
Rangers-1 til alle woodland beasts

Generelle justeringar

AksjonDC-justering
Ingen mat tilgjengeleg+5
Partyet deler mat-3
Partyet fornermar dyret+2
Dyret behandlast som likeverdig-2
Dyret er i terreng som det ikkje liker+3
Dyret er i sitt naturlege terreng-2
Partymedlem angrip dyret+10