Keramikkarbeid
Introduksjon
Dette dokumentet skildrar korleis keramikkarbeid (pottery) fungerar i Tella-campaigns.
Viktige element
Potter's Tools
Essensielt for aktiviteten. Innheldt det ein treng for å lage og forme keramikk.
Potteri
I huset sitt kan ein utvide med eit potteri som gjer at ein kan steike prosjekta sine heime. Sjå Spelareigde hus.
Keramikkhjul
Med eit keramikkhjul kan ein produsere runde og sirkulære prosjekt på 1/4 av tida. DM bestemmer om prosjektet er innanfor kriteriane. Dette kan ein lage som ei oppgradering i potteriet.
Prosess
For å lage keramikk, treng ein leire og god tid. Ein kan forme prosjekta sine medan ein sit rundt leirbålet eller kvilar på andre måtar. På slutten av produksjonstida, gjer ein ein Dexterity-sjekk (Potter's Tools) for å sjå om det gjekk bra. Failer ein, sjekk "Redding". Deretter steiker ein prosjektet i ein omn.
Steiking
Steiking kan gjerast heime hjå ein sjølv i potteriet, eller ein kan lege potteri i tettstader og byar for typisk 1-5 sp dagen.
Keramikk-save DC
Det du lager har ein save-DC. Den er satt til 8 + Dexterity modifier + proficiency bonus.
Redding
Dersom du failer sjekken på å lage prosjektet kan ein nytte dagar lik 1/4 av utviklingsdagane runda ned for å redde prosjektet. Deretter gjer ein ein ny sjekk mot same DC som sist. Fail på denne øydelegger prosjektet og leira.
Spesielle material
Enkelte material ein treng til keramikkarbeidet er ikkje rett fram å kjøpe. Dette kan vere spesielle stoff, oske, mjøl eller anna. Ein må oste ut på eventyr for å finne desse.
Finne leire sjølv
Dersom ein har tilgang på leire sjølv kan ein hente ut leire verdt Strength modifier + Potter's Tools-proficiency per dag. Ein må deretter lage leira klar i potteriet sitt, der ein nyttar 1 time per 10 lb med leire.
Kva kan ein lage?
Under kjem det tabellar med oversikt over kva ein kan lage.
Enkle prosjekt
| Utstyr | Vekt | Kostnad | Arbeidstid (4 timars-dagar) | DC (DEX+prof.) | Spesialmateriale |
|---|---|---|---|---|---|
| Mugge (Jug or Pitcher) | 4 lb | 1 cp | 1 dag | 6 | - |
| Fat, 2 stk | 1 lb | 1 cp | 1 dag | 4 | - |
| Koppar, 4 stk (Cup) | 2 lb | 1 cp | 1 dag | 4 | - |
| Gryte med lokk (Pot with Lid) | 10 lb | 2 cp | 1 dag | 8 | - |
| Takstein, 5 stk | 4 lb | 2 cp | 1 dag | 10 | - |
| Plantepotte (Terracotta, small) | 5 lb | 3 cp | 4 dagar | 10 | - |
Potteri-prosjekt
| Prosjekt | Vekt | Kostnad | Arbeidstid (4 timars-dagar) | DC (DEX+prof.) | Spesialmateriale |
|---|---|---|---|---|---|
| Vassklosett | 90 lb | 2 gp | 1 veke | 13 | - |
| Vask | 50 lb | 1 gp | 5 dagar | 12 | - |
| Badekar | 150 lb | 5 gp | 2 veker | 14 | - |
