Kalligrafi

Introduksjon

Dette dokumentet skildrar korleis kalligrafi fungerar i Tella-campaigns.

Viktige element

Calligrapher's Supplies

Dette er verktøyet ein treng for å utøve aktiviteten.

Kalligrafibord

Dette er eit type bord ein kan lage og installere i Spelareigde hus for å korte ned tida på produksjon.

Prosess

Kalligrafikunnskapane dine kan nyttast i mange samanhengar. Du kan designe skilt for dei lokale bedriftane, lage blad for kyrkja i området ditt, gjøyme kodar i spesielle teikna bokstavar, og mykje meir.

Laga kunst

Mange kalligraførar brukar kunnskapen sin på å lage kunst av dyr, folk, lokasjonar, og masse anna. Berre fantasien set grenser! Desse kunstverka kan vere å vise kvardagslege protrett til andre, lokasjonar til trollmenn, eller berre fpr å tene litt ekstra gull på sida. Ein treng vanlegvis ikkje gjere sjekkar på å lage sånt, men dette bestemmer DM. Når du lagar kunst, må du bruke riktig mengde tid på det. Dette styrar DM, men vanlegvis tar det éin time medan meir komplekse kunstverk kan 8 timar eller meir. Storleiken på kunstverket har også mykje å sei for tida det tar.

Laga ei gjøymd melding

Når du lagar hemmelege kodar kan dei vere kjappe og enkle, eller du kan laga dei meir kompliserte ved å bruke litt meir tid på dei. Ut i frå kor inngåande koden er, dess lenger tid vil det ta å ferdigstille dokumentet eller kunstverket.

TypeProduksjonstid (Per kode)Forklaring
Simple Codes (Enkle Kodar)10 minuttEnkle kodar som kan gjøymast i tekst og kunst. Dette kan vere første bokstav i kvar setning, enkel kode som ser ut som tilfeldige bokstavar, eller gjøymd bland enkle teikningar i margane på brev. Desse type arbeid gjer at du kan lage korte meldingar i kunsten og teksten.
Complicated Codes (Kompliserte Kodar)8+ timarKrever ekspertferdigheitar og mykje tid. Dersom du skal lage fleire sider med dokument, eit stort kunstverk som gjøymer koden, eller kompliserte dekodar må du bruke så lang tid. I nokre tilfeller kan det gå dagesvis å lage sånne prosjekt. Dette gjer deg i stand til å sende lange kompliserte hemmelege meldingar i tekstane dine.

Ekstra tid

Du kan bruka ekstra tid på å gjere det vanskelegare å finne kodane dine. Ved å bruke dobbel tid, gjer du det sånn at dei som prøver å finne kodane dine må rulle Investigation-sjekken sin med disadvantage.

Interaksjon

Produkta dine kjem til å bli interaktert med, og dei som gjer det gjer Investigation-sjekk mot din Calligrapher's Tools DC for å prøve å dekode skriv og anna. DC-en din er 8 + Intelligence-mod + proficiency.

Meldinga

Dei du sendeer meldinga til må vete at det er hemmelige meldigar i teksten, og vil kanskje kreve ein dekodar for å finne ut kva som står der. Dette kan vere ein førehandsbestemt kode, ein for av Theive's Cant, eller andre måtar som er opp til figuren din (og DM).

Lokasjonar og Teleportering

Dersom du har sett ein lokasjon kan du prøve å teikne han ut på eit papir sånn at trollmenn og andre kan nytte teikninga for teleporteringsmagi. Du kan ikkje automatisk gjere trollmannen kjend med plassen, men du kan skildre den betre enn berre med ord. Denne type aktivitet krev minst 8 timar arbeid der du må teikne lokasjonen frå alle mogelege vinklar for å sikre at han vert så bra som mogeleg. Når du er ferdig, gjer ein Intelligece (Calligrapher's Tools)-sjekk for å sjå kor nermt det vert. DM har oppslag på si side som har kontroll på kor mykje det hjelper dei som teleporterar.

Marknadsføringsmaterial

Dersom du tibyr kunstane dine til lokale bedrifter, så kan du lage marknadsføringsmateriale til dei. Dette kan vere brosjyrer, små hefter, skilt, menyar, eller andre ting som skal vere iaugefallande for dei som går forbi. DM kan be deg gjere ein Charisma (Calligrapher's Tools)-sjekk for å sjå kor bra produktet slo an og korleis det påverkar businessen. DC-en er satt ut frå samfunnet si holdning til bedrifta, kostnaden og nødvendigheita til produktet, og bedriftslokasjonen.