Herbalisme
Introduksjon
Dette dokumentet skildrar korleis herbalisme fungerar i Tella-campaigns.
Viktige komponentar
For å starte med EDMG-versjonen av herbalisme, er første steget å skaffe seg eit herbalism-kit og ein component pouch.
Herbalism Kit
Kit-et er nødvendig for å i det heile tatt kunne gjere herbalisme.
Component Pouch
Ein treng ein component pouch for å lagre alle ingrediensane til herbalisme. Denne typen pouch er nødvendig for å bevare ingrediensane i riktig temperatur og fuktigheit. Dersom ein har denne, treng ein ikkje tenkje på å bevare ingrediensane.
Oppslagsboka
Eit av dei viktigaste verktøya til herbalisten. Her står alt ein har lerd om blomar, sjukdommar og trylledrikker. Denne boka skriv herbalisten sjølv i. Nye oppskrifter kan ein lære frå fagfolk, i skrifter, eller med eksperimentering. Ofte kan ein Wisdom (Herbalism Kit) hjelpe med peikepinn på vegen.
Herbalisme-material
Dette får ein kjøpt på butikkar, spesielt apotek. Dette er grunnlaget for å lage potions etter oppskrifter, og er det man må kjøpe for "kostnad" på trylledrikken.
Ingredienspakkar
På apotek, samt meir lugubre plassar, kan ein få kjøpe seg pakkar med potions. Rett og slett kits som ein kan brygge til potions. Desse treng ein ikkje ha oppskrifta på, då denne kjem med kit-et.
Flasker m/kork (Vial)
Dersom ein ikkje skal drikke drikken med ein gong, er det lurt å putte på flasker sånn at drikken ikkje møster effekten sin. Om ikkje, er det rissiko for at brygget ikkje fungerer sånn som det skal etter ei gitt tid.
Vatn
For å i det heile tatt kunne brygge, må ein ha vatn tilgjengeleg. Dette kan vere frå elvar, innsjøar eller frå eigen waterskin. Det må i alle fall vere nok til å fylle ein vial.
Kostnadar og arbeidstid
Her er ei oversikt over typiske kostnadar knytta til å lage trylledrikker, samt tida det tar:
| Skjeldenheit | Rarity-tall | Arbeidstid | Kostnad i bryggematerial |
|---|---|---|---|
| Common | 1 | 4 dagar | 25 gp |
| Uncommon | 2 | 7 dagar (1 veke) | 100 gp |
| Rare | 3 | 35 dagar (5 veker) | 1.000 gp |
| Very rare | 4 | 88 dagar (12 veker og 4 dagar) | 10.000 gp |
| Legendary | 5 | 175 dagar (25 veker) | 50.000 gp |
Potions of Healing
Desse har eigen arbeidstid. Sjå tabell:
| Potion of Healing | Arbeidstid | Kostnad i bryggematerial |
|---|---|---|
| Healing | 1 dag | 25 gp |
| Greater healing | 7 dagar (1 veke) | 100 gp |
| Superior healing | 21 dagar (3 veker) | 1.000 gp |
| Supreme healing | 28 dagar (1 månad) | 10.000 gp |
Komplikasjonar
Komplikasjonar kjem for det meste i frå å finne dei materiala ein treng, men i visse tilfeller kan det hende andre komplikasjonar. Kvar 5. arbeidsveke kan det skje komplikasjonar, noko DM ber om rull for (RT1).
Prosess
Kopiere oppskrifter
Når ein kjem over oppskrifter, kan ein kopiere desse ned i boka si. Desse er uprøvde oppskrifter, så ein må først teste dei før ein kan laga dei utan sjekkar. Rull ein DC 11 (+ rarity-tall) Wisdom (Herbalism Kit)-sjekk for dette på slutten av 1 arbeidsdag med ingrediensane. Ved seuksess har ein lert å lage brygget. Ved feil, må ein forsøke på nytt
Helbrede sjukdom
Ein kan helbrede sjukdommar med å først undersøkje pasienten og deretter finne ut kva ein treng for å lekje. Etter sjekk vil DM sei kva ein treng og kva ein må gjere.
Lage potions
Potions er sett på som magic items, og regelsettet følger difor det. Prosessen med å lage potions er ganske rett fram:
- Finn ingrediensne.
- Kok opp virkningsplanten med riktig mengde vatn (ut i frå vial).
- Når brygget har løyst opp virkningsingrediensen, introduser effektor.
- (Optional) Legg til negator etter virkningsingrediensen er løyst opp.
- Når veska har blitt kvit på farge og ikkje lenger er gjennomsiktig, legg til ønska reaktant.
- La brygget deretter koke ut tida.
Kva kan ein lage?
Under følgjer reglane for brygging, både etter oppskrifter og med eigen eksperimentering.
Etter oppskrift
Dersom ein skal lage trylledrikk etter oppskrift gjer ein det ved å kjøpe herbalisme-material, samt får tak i dei spesielle ingrediensane som den konkrete drikken treng. Oppskriftane lærer ein etter kvart, og ein fører desse i oppskriftsboka si. Sjå tabell over for kostnadar og produksjonstid.
Fri eksperimentering
Det å lage eige brygg kan vere spennande og samstundes utfordrande. Under forklarast begrep som er viktig å kjenne til.
Prosess
For å lage eit brygg må ein først bruke 1 dag med ingrediensane for å sjå om ein får det til. Rull ein DC 11 (+ rarity-tall) Wisdom (Herbalism Kit)-sjekk for dette på slutten av dagen. Dersom det virkar lovande, vil DM sette utviklingstid for å lage brygget og ein kan no føre det i oppslagsboka si. Ingrediensane vert konsumert under eksperimenteringa.
Ukjende ingrediensar
Dersom ein kjem over ingrediensar som ikkje ein har prøvd før, kan ein ta dette med seg og evaluere om det kan nyttast til noko. Ein kan nytte ein time med sitt Herbalism Kit og undersøkje ingrediensen. Gjer så ein Nature-sjekk for å så om den har noko effekt. DM set DC ut i frå vanskeligheitsgrad.
Kjende ingrediensar
Virkningsingrediens
Virkningsingrediensen er sjølve utgangspunktet for brygget. Den dannar grunnlaget for kva type trylledrikk ein lagar. Dette er ofte ingrediensar frå monstre rundt om i verda.
Effektor
Effektor er ingrediensen som får virkningsingrediensen til å ta effekt. Denne ingrediensen er assosiert med ein School of Magic som høyrer til trylledrikkeffekten. Dette er ofte plantar og røtter.
Negator
Negator er ein type ingrediens som gjer trylledrikken motsatt effekt av original intensjon. Dette er meir obskure ingrediensar som ikkje er vanskelege å finne, men som det er knytta litt "morbide" tankar til.
Reaktant
Reaktantar sin jobb er å gje trylledrikken virkningstid. Dette er ingrediensar ein kan finne rundt om i verda, eller som ein kan kjøpa på sitt næraste apotek.
| Reaktant | Forklaring |
|---|---|
| Statim-reaktant | Denne typen reaktant gjer at effekten slår ut med ein gong. Dette kan vere bra for ein healing potion, men ikkje for noko som for eksempel usynligheit. Desse typane reaktantar er mindre vanlige. |
| Tarum-reaktant | Denne typen reaktant varar i 1 minutt. Typisk er dette noko som varar 10 rundar i combat. |
| Prope-reaktant | Denne typen reaktant varar i 10 minutt. Dette kan vere at noko skal skje over ei kort tid, eller at ein skal healast over kort tid. Dette er den mest vanlige reaktant-typen. |
| Longum-reaktant | Denne typen reaktant forlengar effekten til 1 time. Dette er den skjeldnaste typen reaktant. |
Emulgator
Emulgatorar er nytta for å kunne kombinere forskjellige typar brygg saman til éit brygg. Ingrediensane til slike brygg finnast oftas under bakken i grottesystem og det som på folkemunne kallas "Underdark". Emulgatorar er kategorisert til rarity, og ein må alltid nytte emulgator som har minst same rarity eller betre som den delen av brygget som har høgast rarity. Kombinerte brygg ivaretar halve effekten til kvart brygg, men ein får 2 av dei. For å ivareta styrken, sjå reglar for konsentrasjon under "Modifiserte brygg".
Bryggetid
DM bestemmer bryggetid ut frå trylledrikken sin rarity. Kombinerte brygg får ny rarity si bryggetid. Utvatning (DILU) og konsentrering (CONS) av eksisterande brygg tar 1 time gongar raritetstall. (Common = 1 time, Uncommon 2 timar, osv.).
Semantikk (Namn)
Namn på trylledrikkane vert gitt ut frå kva dei heiter i reglane til DnD. Drikkar med spesielle effektar, med intensjon eller uten, har ein suffiks som seier kva effekt den har. Dette følger dette regelsettet:
"Namn på brygg" ("Ufullstendig", "Uferdig", "Konsentrasjon", "Negator-overlasting")
Eksempel: Potion of Minor Vitality (UN, F-50, DILU, EF, R-10, N)
I dette eksempelet har me ein vitalitetstrylledrikk som både har for lite ingrediensar, har kokt for lite, er kokt ut i for mykje vatn, har feil effektor, utvida reaktant til 10 minutt, og negatoroverlasting.
Kombinerte brygg
Det er eigne reglar på kombinerte brygg. Navnet på denne nye drikken blir kombinert på følgande måte:
To effekter - Potion/Poison/Brew of "Brygg 1", "Brygg 2"
Tre effekter - Potion/Poison/Brew of "Brygg 1", "Brygg 2" and "Brygg 3"
Eksempel: Brew of Vitality and Acid (UN, N)(UN, R-01) EM
I dette eksempelet har me ein drikk som er blanda av vitalitet og syre. Vitalitetsdelen er ufullstendig og har negatoroverlasting. Syredelen er også ufullstendig og har reaktantar-erstatning som gjer virkningstid på 1 minutt. Brygget er kombinert utan å vere CONS først, difor DILU no. Det er også nytta feil emulgator, difor EM.
Modifiserte brygg
Ein kan med vilje, eller med neglekt, gje brygget volatile effektar med å tulle med oppskrifta. Denne delen skildrar dette.
Ufullstendig brygg - UN
Ufullstendig brygg kan gjerast dersom ein ikkje har nok virkningsingrediensar. Ein kan neglisjere 1 virkningsingrediens, maks 1/4 av dei totale virkningsingrediensane. DM rullar for om brygget fungerar eller ikkje. (RT2)
Uferdig brygg - F-??
Notert med "F-??" der spørsmålteikna er kor uferdig brygget er. Dersom ein nyttar halve tida, er notasjonen "F-50". Nummeret er også sannsynet for at brygget fungerar. Rull 1d100, og dersom resultatet er under tallet, så fungerer brygget. Over så fungerer det ikkje.
Konsentrasjon (Uriktig vassmengd) - CONS og DILU
Dersom ein ønskjer kan ein lage konsentrerte og utvassa versjonar av brygget. Eit konsentrert brygg kan kombinerast med eit anna konsentrert brygg og då gje dobbel effekt. Eit utvassa brygg gjer halv effekt, men ein får to av dei når ein er ferdig. Under prosessen kan det skje merkelige ting, noko DM rullar for. (RT3)
Feil effektor - EF
Dersom ein nyttar feil effektor, rull ein DC 13 (+ rarity-tall) Wisdom (Herbalism Kit)-sjekk for å sjå om ein klarar å brygge ferdig med feil effektor. Ved fail så virker ikkje brygget. Ved suksess så får brygget notasjonen "EF", og DM rullar på eigen tabell ved konsumering. (RT4)
Reaktanterstatning - R-??
Dersom ein nyttar anna reaktant enn den som er meint for brygget, kan det skje forskjellige ting. DM rullar for effekt på si oversikt. Det er sannsyn for at det går bra, men det er også sannsyn for at det ikkje går bra. "??" vert erstatta med 00, 01, 10, eller 60 ut frå ny virkingstid. (RT5)
Emulgator-feil - EM
Denne type feil skjer når ein har nytta ein anna emulgator enn det som er meint for brygget. Desse effektane kjem under brygging og inkluderar at brygget feilar, det går bra, eller at brygget eksploderar. Det fins også ein siste effekt der brygget får ein ukjend tilleggseffekt. Rull ein DC 15 (+ rarity-tall) Wisdom (Herbalism Kit)-sjekk for å sjå om ein får det til. Får brygget dette, noterast det med EM. (RT6)
Negatoroverlasting - N
Dersom ein brukar feil negator-type vil brygget ikkje ha effekt. Men, dersom ein nyttar fleire negatorar i tillegg til den riktige vel ein ekstra effekt til brygget skje. (RT7)
