DFDMK - Sesj 37 - Under tempelet

General Summary

Sesjen starta med at gjengen sat og venta inn tida på rommet sitt. Dei tok seg ein tur ned i hovedområdet der dei møtte på familien Pesch som også hadde kome på plass no. Dei snakka med Salmon Pesch og fekk vete at dei skulle samlast for å markere dødsdagen til Krik Lovsong som var no til helga. Dei Få gjekk så opp igjen på rommet og førebudde seg til å gå ned i offerbrønnen. Planen var å gjere dette med tau dei hadde. Nobina forkledde tauet med Disguise-kittet heinnar og dei gjorde seg klare. Hjå Loreine fekk dei nokre arbeidsklede som dei tok på seg for å virka mindre mistenkelige. Dei oppdaga at ein kar fulgte med dei i vindauget på eit av romma, men dei tok seg ned i hola heilt på tampen før det kom folk. Vel nede landa dei i offermaterialet, og tauet blei kutta og kom ned til dei. Dei gjekk så innover vidare i ei unaturleg grotte der dei til slutt kom til ei ny grotte med statuar. Der måtte dei kjempe mot ein metall-skapning som prøvde å stoppe dei. Dei bekjempa den, og flukta oppover stilaset i det lava byrja å strømme inn. Litt slit vart det, men dei heldt god avstand til lavaen som no er hakk i hel oppover. Her slutta sesjen...

DFDMK_Main_Small.jpg

Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
04 Sep 2025
Related Characters