DFDMK - Sesj 36 - Nytt syn, what's this?

General Summary

Sesjen starta med at gjengen sjekka høla kor djup denne var. Deretter gjekk det opp på rommet der Tragn utforska litt rundt steinen sin. Matheus nytta tid til å fullføre trylledrikken sin, medan Tragn og Nobina tok ein tur for å sjekke kva steinen peika til. Då Tragn tok på steinen med begge henda fekk han eit syn av den blå krystallen installert i ei eller annan maskin. Matheus blei oppringt av Dangfart som ga ei statusoppdatering. Tragn blei når dei kom attende til tempelet tatt med for å snakke med ein munk som hadde beskjed til han. Han hadde eit brev ventande på seg i Sæbe hjå Ehg Villhim. Munken fekk plutseleg eit "illebefinnande" der han opplyste Tragn om å vere "jakta". Kven eller kva fekk han ikkje vete noko om før monken gjekk tilbake i meditasjon.

Etter dette valde Nobina å ta på krystallane saman med dei andre. Dei blei då transportert til eit rom med ei krystallkule i midten, og ein del dører. Ein av dørene var open og dei såg inn der dei fann den gule kula til Tragn. Den store krystallkula i midten fulgte med på Nobina og ho valdte til slutt å nølande røre den. Då fekk ho eit syn. Etter det kom alle tre tilbake, og eit kraftig smell knocka dei bak og knocka ut Nobina. Her slutta sesjen...

DFDMK_Main_Small.jpg

Campaign
Dei Få og Dei Magiske Krystallane
Protagonists
Report Date
12 Aug 2025
Related Characters