BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Urhavet

Urhavet er eit stort hav som fyller so og si heile den vestlege kanten av Kvarend. Det får sitt namn frå legendane som fortel at det var det fyrste av alle hav. Etterkvart som land sprang fram i midten av verda vart Urhavet sakte dytta vest og nord. Kva som ligg forbi er det stor ueinigheit om. Nokon trur det berre ender, og at vatnet fell ned i eit evig mørkre som ved Det Fallende Hav. Andre, spesielt lærde, trur det simpelthen falmar ut i intet, slik dei trur det er longs heile Kvarend. Men, monge er einige i at det kan vera land der, enten før eller ved denne kanten. Det har vert gjort monge forsøk å nå kanten, men dei aller fleste har vert mislykka. Dei som aldri kom tilbake har blitt antatt døydde.   Ein trur at Urhavet er det  djupaste av alle hava, og det finnast tallause historiar om sjøuhyrer og monstre, som kan vera bevis for dette. Det at gudane føretrekkjer Voceiroshavet og nesten aldri ferder til Urhavet er ikkje noko å sjå bort ifrå.   Kystlinja longs vestre Kvarend er like trygg eller farleg som alle andre hav, ro ned.
Alternative Name(s)
Ur
Type
Ocean

Comments

Please Login in order to comment!