Stjernepilgrimmar
Av alle dei ubeskrivelege vesna ein kan møte i Kosmos, er stjernepilgrimmane dei vanlegaste. Dei vandrar Kosmos i jakt på viten, og ber på to sverd, ein bok med alt den veit, og ein fjørpenn med utrulege magiske krefter.
Basic Information
Anatomy
Stjernepilgrimmar liknar litt på folk, men har dyrehovud og fire armar. Kroppen deira er vanskeleg å beskrive: til dels gjennomsiktig, til dels fleirfarga og glitrande, til dels mørkare og djupare enn den faktisk er. I tillegg har folk sett nokon med eld som krune, smykker av stjerner, og lysstrålaer som dansar rundt dei. Ingen har sett ein stjernepilgrim med klær eller plagg. Dei som har møtt ein beskriv dei ofte som "gudeleg vakre, med kroppar fagrara enn nokon skultør kunne laga, og bevegelsar meir elegante enn nokon dansar kan mane fram".
Genetics and Reproduction
Ingen veit heilt sikkert korleis stjernepilgrimmar vert til, eller om alle vart skapt på ein gong og det dermed berre vert færre og færre over tid.
Behaviour
Stjenrepilgrimmar vandrar Kosmos i jakt på kunnskap, erfaringar, og kjensler. Dei er sjeldan fiendtlege med mindre ein stillar seg mellom ein og noko den ynskjer. Dei verkar til å ikkje bry seg mykje om folk og deira liv, men er ikkje kaldblodege og kan ofte vise nåde. Akkurat kva ein stjernepilgrim tenker skal ein ikkje prøve å gjette.
Additional Information
Perception and Sensory Capabilities
I tillegg til syn, hørsel andre sansane ein kan forvente, verkar det som at stjernepilgrimmar kan sjå og høyre ting vanlege folk ikkje kan. Dei høyrer tankar, ser minner, fortida og framtida, og kan lukte bølgane i Kosmos.
Comments