BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Lós

Det Store Nekropolis av Los, eller "Dei Dødes By", er ein teokratisk bystat på størrelse med eit lite land i sørlege Kvarend. Ingenting levande, verken folk, dyr eller plantar, har lov til å opphalda seg i Lós. Innbyggjarane i byen er dei vandaude "evigdøde", udødelege beinrangel som tidlegare var folk av alle slag.   Lós er på inga måte ein øydemark. Sidan dei evigdøde korkje treng kvile eller mat, har dei hatt all tid i verda til å byggje ein by som er verdig gudar. Massive katedralar, bekupla teater og bibliotek, tårnande statuar og brosteinsveger dekker kvar einaste meter av landet so longt auget kan sjå. Dei har utvikla ein heilt særeigen arkitektur, men høge søyler, og stein i svart og kvitt, og med utsøkte utskjæringar og pynt. Rundt landet står ein høg mur, Håpet, satt opp av landa rundt for monge hundre år sidan for å halde katastrofa fanga. Muren vart byggja fort og effektivt, og står dermed i stor kontrast til det vakre paradiset av arkitektur på innsiden. Håpet er inga inn- eller utgong, naturleg nok. Målet med muren er ikkje berre å halde dei evigdøde inne, men òg å halde dumdristige eventyrarar ute. Ein død eventyrar betyr eit meir udødeleg skjelett å beseire når tida endeleg kjem for Lós å gå ut av sin longe kvile.   Byen har tre leiarar: Farahn, Fader av Helgener og Erkehelgen av Lós, Overa, Moder av Helgener, og Helgenskapet av Lós. Sidan tidens tann ikkje har nokon effekt på Lós, tek det opp mot hundre år før leiarane tek store val. Men, sidan ingen har vore innom på lenge, veit vi ikkje kva dei planlegg. Monge dommedagsprofeter peikar på Lós som det som vil ende alt, og at det ikkje er lenge til no.   Valver den Vise sa om Lós at det var "den farlegaste staden i heile Kvarend". Seinare same dag datt han ned i ein aktiv vulkan og døydde.

Structure

Lós har tre leiarar med forskjellige ansvar. Øvst finn vi Overa, Moder av Helgener, samgrunnleggjar av Lós og samskapar av dei evigdøde. Hennar rolle er som gudinne av religionen og styresettet i Lós, men det er mest symbolsk tenkt, då ho er intet meir enn bevarte bein i ein kiste. Den som faktisk styrar er Erkehelgenen, Farahn, og med mindre han vert drept, noko som verkar umogleg, vil han fortsette å halde denne rolla i all eve. Erkehelgenen har eineveldig og fullstendig makt og styre over alt i riket. Men, det er mykje å styre. Dei som styrer Lós frå dag til dag er som regel Helgenskapet, eit kabinett av fleire som har blitt utdøypt til helgener av Farahn. Dei brukar dagene sine på debatt og filosofi i Patrekatedralen.

Culture

Kulturen og ideologien i Lós er svart-kvit. Dei evigdøde er det einaste reine og gode, og alt anna er skittent og uhellig, og må gjerast evigdød for å bli rensa. Dei er aksepterande for alle levende som ynskjer å bli vandød, men dei fleste blir rensa mot sin vilje. Lós har inga handel eller interaksjon med verda utanfor, og å engasjereseg med Lós er sett på som ein grov synd i alle land. Lós ser på segsjølv som over folk og gudar, og brukar mykje av tida si på å feire segsjølv med store teater og feiringar.

Public Agenda

Å utrydde alt liv frå Kvarend, so verda blir evig og død.

History

For lenge sidan, i oldtida, kom ei prestinne fram til at sjølve livet er det onde i Kvarend. Verda var meiningslaus og vond, skapt slik at liv blir til berre for å vere bunde til ein skjebne om å døy ein dag. Stammar av folk drap sine naboar for å midlertidig forbetre sine eigne liv, og avle dyr dei skulle drepe kun for å utsette sin eigen død. Prestinna, Overa, ønska å ende den evige sirkelen av liv og død. I all hemmelegheit jobba ho med ein kur til all død, og etterkvart møtte ho ein mektig trollmann med sympatiserte med målet hennar. Farahn, slik som magikarar idag, ønsket å stanse Falminga og forsto at målet deira var to sider av same mynt. Dei brukte liva sine på å finne ein løysning, ein måte å smelte liv saman med magi. Ein slik livskraft ville kunne klare seg utan mat og vatn, og ville aldri eldes, og magien ville ikkje falme sidan han var bunden til sjølve sinnet, bevisstheita og dei evige tankane til eit intelligent liv. Men for å skape liv, måtte liv gå tapt, so Overa ga sitt liv so Farahn kunne produsere denne kuren mot all død. Resultatet var ein eliksir like sort som ein stjernelaus natt, som måtte ministreres inn i nokon sitt lik før ein fjerna kjøtet frå knoklane. Etter nokre dagar ville dei vakne til liv igjen, som ein udødeleg vandød. Sjølv om prosessen fungerte på disiplane til Farahn, vakna Overa aldri opp att. Hennar avskyelege bespotting av verdas orden hadde gjort gudane rasande, som forbanna ho til ein absolutt død, der korkje magi eller krefter kunne bringe ho tilbake.   Etter Farahn vart vandød sjølv sørga han i over 400 år medan følgjarane hans satte planen hans i aksjon. Dei angrep dei næraste landsbyane og rensa fleire og fleire til dei var monge nok til å føre krig mot byar og land. Sakte men sikkert vaks dødsriket til Farahn. Då han var ferdig å sørge døypte han det Lós, etter eit gammalt ord for ljos. Ljoset til Overa. Håpet ho hadde for ein betre verd. Farahn og dei mest trufaste av helgenene hans starta korstog der dei gjorde store folkemord, i jakten på å gjere alle evigdøde. Dei verka ustanselege, upåverka av alt levande folk plages med, og reparerbare som kjeramikk.   Men, ein dag stansa Farahn utvidinga av riket sitt, og vendte troppane sine heim. Fokuset hans gjekk over til å lage det dei hadde tatt om til eit heilagt land. Sidan då har ingen høyrd frå Farahn eller dei evigdøde i nokre tusen år.
Founding Date
Eksakt år er tapt, men fleire tusen år sidan
Type
Geopolitical, Theocracy
Alternative Names
Dei Dødes By
Leader Title
Location
Los
Related Species

Comments

Please Login in order to comment!