BUILD YOUR OWN WORLD Like what you see? Become the Master of your own Universe!

Bentes Kiosk & Grill

"Forskjellen på ein by og ein leir er at ein by har ein Bentes." Dette kjende ordtaket er kanskje humoristisk i natur, men er ikkje longt frå røynda. Bentes Kiosk & Grill er eit verdsfenomen. Uansett kor stor eller lita ein by er, eller kvar i Kvarend ho ligg, kan ein forvente å finne ein Bentes der. Bentes er ein leverandør av vanlege varar og eventyrarutstyr, men sel òg nystekte pølser og anna småmat og drikke.   Eigaren av etablissementet er Bente sjølv. Ei høgrøsta, raspstemma, frekk, gammal dame, som alltid har ein sigarett i handa og lite tolmod til sine kundar. Velkomstreplikken hennar, "Velkommen til Bentes Kiosk & Grill: Hva skal det verra?!", har blitt eit uoffisielt slagord. Bente er ei kvinne alle elskar å hate.   Men, la oss kome til den verkeleg interessante delen. Uansett kvar ein er i Kvarend, ser det ut til å alltid vere den same Bente som ventar inni butikken. Der er monge teoriar på kva som eigentleg foregår. Kanskje har Bente hndrevis av identiske tvillingar eller klonar? Kanskje er døra til butikken ein kosmisk portal? Bente har ingen tolmod for spørsmål og henvendingar, og vil minne deg på å "Få opp farta nå!" om du får motet til å spørje.
Type
Megacorporation

Character flag image: Bente by Tor Henrik Melle

Comments

Please Login in order to comment!