DFDMK - Sesj 4 - Orken Gorth
General Summary
Etter ei natts søvn vakna gjengen litt sletn. Tragn I'Pizn hadde sovna på golvet, og vakna med eit brev i handa. Etter ein kort frukust bar turen mot gamleHerr Fredriksen's hus. På vegen der møtte dei ei lita jente som gret fordi undulaten hennar hadde daua grunna at den hadde drukke noko vatn nede i kloakken. Der kom også nokre merkelige lydar frå dar nede. Etter å ha vandra eit stykke kom dei til slutt til Herr Fredriksen's hus. Der såg dei også inngangen til Kloakken i Sæbe som blei snakka om. Dei kom seg inn i huset og begynte å undersøkje. Dei traff på Yema Blomendal som også var der og undersøkte, og ho konfronterte Matheus om kvifor han hadde teppet deira. Ho fekk teppet tilbake, og skal få belønning frå mora hennar Ea Blomendal. Ho gjekk så tilbake og gjengen fann ein veg ned i eit grottesystem under teppet i huset. Gjengen navigerte seg så gjennom grottesystemet. Dei traff på ein stor stein som traff alle utanom Tragn etter Matheus feila desarmering. Deretter kom dei inn i ei stor hole der dei enda opp i en kamp med Kobolder. Sal T'pote greide å binde ein av dei og spørre han ut om vegen vidare. Dei tok seg så ein kort kvil før dei fortsatte. I bunn fant dei orken og to kobolder. Etter å ha slått ut koboldane omringa dei orken, og fekk kontroll på han ved at Nobina kasta Sleep på han. Etter dette spørde Sal han ut, og lot han til slutt gå. Sesjen enda med at dei fant ein krystall i kista, lik den som er på Sæbe Artefakt-museum, og at dei fant ut at det pågår eit prosjekt med å drepe Hans Majestet Kong Haraball den 2. Alvane har eit våpen som kanskje kan stoppe dei.