OS - DM - Sesj 6 Report

General Summary

Sesjen starta med at dei akkurat hadde blitt ferdig med kampen mot orkane. Dei fekk utlevert pengane sine, og fekk tatt seg ein handletur for å kjøpe inn klede for middagen som skulle skje i kveld. Etter å ha handla klede, tok dei seg eit bad før dei gjorde seg klar. MC Hamar, Lagnartal og Exesion reiste med dei i det dei blei teleportert inn til ballsalen. Der fekk dei møte mange av Kolonnøys adel og viktigfolk, men også gladiatorar. Dei fekk møte gladiatoren dei i morgon skal kjempe mot: den forvokste tigeren Deilig Diger. Ved middagen blei dei plassert ved interessange figurar som dei prata med. På eit tidpunkt kom det to til gjestar som var seine. Dei koste seg utover kvelden, og deltok på etterfesten som skjedde etterpå. Der dansa dei og lo, samstundes som dei fekk snakka med dei som dei tykkja var interessante. Deretter blei dei transportert til romma sine, og dei la seg for kvelden. Dagen etter vakna dei og åt frukost. Seansen vart avslutta med at dei valde å delta på dagens føremiddagskamp der dei kunne vinne eit magisk sverd, samt eit valfritt magisk våpen dersom dei valde kjempar-modus. Det gjorde dei, og her enda sesjen...

Campaign
Duellmeistrane
Protagonists
Report Date
14 Nov 2025
Primary Location
Duell Arena