SiN - Sesj 32 - Ned i djupna

General Summary

Sesjen starta med at gjengen prøvde å navigere seg fram til kvar Landarbor kunne vere. Dette enda med at flyet til Zwei tok skade på takeoff, og kunne ikkje lande igjen. Dei valde så å hoppe ut av flyet i fart sånn at han skulle sleppe å lande igjen. Då hoppa dei ut og starta å undersøke Landarbor. Brynjar tok seg ein tur for å undersøkje under vatnet nærare, og enda opp med å bli tatt av ein kjempeblekksprut. Han greidde likevel å kome seg vekk ved å gjøyme seg i forskjellige hus under vatnet. Etter dette huska Hövel tilbake på ei øskje onkelen hans hadde men noko frå foreldra hans. Denne greidde dei å hente opp, og dei tok seg så vidare til grotteinngangen etter å ha rulla veldig bra. Kogel hadde også eit gufs som varte i 10 minutt. Der blei det kamp mot nokre zombiar og ein hai, og dei greidde å ordne dette ganske bra. Kogel hadde dog litt problem med haien, men kom seg vekk etter kvart. Etter kampen tok dei seg inn i grotta og enda opp i eit månebasseng 45 minutt lenger inn. Her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
20 Nov 2025
Primary Location
Landarbor