SiN - Sesj 22 - Total Drama Krater

General Summary

Sesjen starta med at gjengen gjekk vestover mot sjøen. På vegen høyrde dei blant anna kjempe-apa som var på tokt, men ho kom ikkje nærare. Dei gjekk heile dagen, og sa farvel til lizardfolka som gjekk med dei. Dei valde så å presse på vidare for å nå fram i kveld. Dette resulterte i at nokon av dei fekk exhaustion. Framme fann dei tre piratskip som holdt Utforskaren til fange ute på sjøen. Sleive, Kaptein Støvvel, Apekatt, Treflis og Falkauge er i krateret dei fann, og situasjonen er alvorleg. Berre Sleive er tiltalande. Gjengen brukte kvelden på å lekje gjengen og sette opp camp til dei. Etter ei natt med kvile begynte gjengen å diskutere korleis dei skulle få båten tilbake. Kaptein Støvvel var litt bedre, så ho blei med på diskusjonane. Koppen attuna til nokre bracers og greidde dette. Guunar blei ven med nokre delfinar som han prøvde å overtale til å kappe tauet mellom båtane sånn at Utforskaren skulle verte fri. Dette gjekk ikkje heilt som planlagt, og delfinane blei hardt skada. Hövel og Koppen laga så litt mat av nokre flyndre og krabbar. Kogel haldt utkikk, og fekk med seg at skipa reiste sørover, traff eit anna piratskip, snudde skipa og reiste så nordover. Etter ein del diskusjon vart konklusjonen å ta med seg dei skada og reise nordover mot der robåten deira ligg. Dei reiste nordover, og dei nerma seg fjorden i det det blei mørkt. Dei fekk med seg at ute i opninga til fjorden låg piratskipa og Utforskaren. Her slutta sesjen...

Character(s) interacted with

Sleive, Utforskarane, Glorb, Grikko, Gekko

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
27 Jun 2025

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild