SiN - Sesj 18 - Cave Story

General Summary

Sesjen starta med at gjengen måtte flykte frå alteret då det starta å strøyme inn vatn. Dei knytta seg saman med tau, og hoppa opp i røra dei tidlegare hadde uforska. Etter at dei blei dradd av straumen hanva dei i eit stort grotte-rom med tre vegar. Gjengen beslutta så å kvile der (long rest), medan Brynjar identifiserte bag-en Guunar hadde på seg, samt kompasset. Dei prøvde seg først frammover der dei enda der vatnet slutta. Her tok Brynjar seg ein tur innover og fann bunn av ein brønn. Lenger inne fann han ein del skattar som han tok med seg. Etter dette prøvde dei seg oppover den høgre vegen. Etter ein del improvisert klatring, fekk dei alle opp utanom Kogel. Brynjar tok seg ein tur oppover for å sjå kvar grotta gjekk og fann der at grotta var stengt og det låg ein del graveutstyr der. Han gjekk så ned igjen for å treffe dei andre som tok ein kort kvil. Kogel gjorde eit nytt forsøk oppover, men dette enda nesten med at han drap seg sjølv. Gjengen gjekk då ned igjen for å ta vare på Kogel. Sesjen slutta med at dei ville ta turen til venstre, nedover, men i det dei skulle til å gå høyrde dei eit kraftig smell derifrå. Her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
30 May 2025
Primary Location
Nagaoia

Remove these ads. Join the Worldbuilders Guild