SiN - Sesj 27 - Hvor var du natten til den 25?!

General Summary

Sesjen starta med at gjengen spurde ut Lektor Olb på politistasjonen. Han trygla Guunar om å bli satt fri, og i så fall skulle han hjelpe dei med trylledrikkar og stuff som han kjende til. Dette beit ikkje Guunar på, og han valde å presse han for spørsmål rundt dvergeboka dei hadde funne. Etter dette fekk dei vete at han skulle hengast om ei vekes tid: "neste torsdag". Dette dersom dei greidde å dømme han. Dei endte opp med å skrive under på eit skriv som ga politiet fullmakt til å nytte Gutta på Kanten som vitner sånn som dei ville.

Deretter tok dei turen ned på kaien der dei sa hadet til Utforskarane som no skulle reise til Karmagoh for å søke vegen vidare. Etter dette gjekk dei innom Vistnes Eleksirerder dei kjøpte litt ingrediensar. Deretter vart kvelden brukt på kaien der Guunar las avisa og lærte om den politiske situasjonen i byen. Hövel og Koppen nytta tida på å fortsette på flåten til Hövel. Etter dette, før dei gjekk til ro, ville dei sjekke ut korleis det gjekk med oppdraget med dei to duellantane. Dei var der fremdeles, og dei bestemte seg difor å snakke med "herr Velledal" som dei hadde fått tips om å snakke med. Han var på pub-en og var drita full. Dei fekk litt inormasjon rundt dei to duellantane og prinsippa dei sto bak. To sterke personligheitar, begge med prinsipp. Men, kva prinsipp vil Gutta på Kanten ta sida med? Deretter gjekk dei til ro for å førebu ein ny dag i morgon. Her slutta sesjen.

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
10 Sep 2025
Primary Location
Portád