SiN - Sesj 35 - Så ber det nedover

General Summary

Sesjen starta med at gjengen avslutta kampen med zombiane, og deretter kom seg nedover holet for å finne Guunar. Dei måtte reparere ein del stigar på veg nedover før dei kom seg over på stålstigar vidare nedover. I lang stund klatra dei nedover og kom til slutt til eit edderkopp-bol. Der kjempa dei mot ein kjempeedderkopp, og fekk befridd Guunar. Han hadde overlevd, så vidt. Deretter tok dei seg vidare nedover i hola, der dei måtte overkomme ein seksjon utan stigetrinn. Dette fekk dei til med å nytte grappeling-hook, men Kogel datt ned i det han prøvde å skate på tauet. Heldigvis redda han seg sjølv med Arrow of Quick Escape, og kom seg trygt inntil veggen igjen. Deretter blei eit ras utløyst, og Guunar skjerma dei andre i gruppa si. Dei tok litt skade, men ikkje så mykje. Etter dette møtte dei Kogel lenger nede, og dei fortsatte vidare ned til bunnen av hola. Der fekk dei starta ei dampaskin som styrte dampdrevet maskineri, og opna døra vidare. Det var ein del trykk på baksida av døra, noko som gjorde at nokon av dei blei slått litt ut. Deretter gjekk dei vidare innover grotta med masse stilas i messing og stål, og enda opp med ein utgang frå grotta. Vegen gjekk også vidare til ein spiral som gjekk oppover. Det siste dei gjorde var å undersøke eit skilt over døra inn til spiralen oppover, som sa at spiralen gjekk til "Togstasjon" og vegen dei kom frå gjekk til Undermørket. Her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
11 Dec 2025
Primary Location
Landarbor