SiN - Sesj 28 - Come fly with me

General Summary

Sesjen starta med at gjengen vakna opp til eit vinter-wonderland. Da snøa og var kalt. Dei gjekk så oppover mot Nuevoterra Brygg for å snakke med Larrgh Kornmeister dei hadde møtt på i går kveld. På veg oppover splitta Guunar og Koppen vekk for å undersøkje hunden på marknaden nærare. Dette gjorde dei, og dei fekk kontakt med hunden. Guunar kasta eit dyresnakkespell på seg sånn at han kunne kommunisera med hunden. Dei fann ut at hunden eigentleg var ein ung gut som hadde blitt forvandla til ein hund når han og nokre kameratar leika i eit hus. Guunar og Koppen tok seg inn i huset for å sjeke dette nærare. Dei fann ikkje objektet som hadde forvandla Emil til å verte hund, men dei greidde å finne ut kvar Forskarhuset var og gjekk i den retningen.

Resten av gjengen fekk kome inn til Larrgh og kona og fekk servert kaffi. Dei snakka med Larrgh og fekk vete at staten hadde tatt dei fleste dokumenta som var i boka, men at dvergeverset hadde han tatt vare på. Han ga dei det mot ein betaling av 5 sp og lovnad om ingrediensar frå "Undermørket", då han meinte dei måtte ned der. Dei takka for seg, og gjekk så nedom klesbutikken Portád Klær og Vask for å kjøpe seg varme klede.

Gruppene samla seg etterpå utanfor inngongen til forskarhuset der dei harassa portvakten og politiet blei påkalla. Dei greidde å gjøyme seg, og Emil vart vekke. Deretter gjekk dei ned til sentrum for å på nytt splitte seg. Kogel prøvde seg tilbake mot våpensjappa, men blei gjenkjend og arrestert. Brynjar og Koppen handla proviant og utstyr, for så å gå mot havna. Guunar og Hövel gjekk innom Den Dansande Sild for å snakke med Helga-Olga Stabburstad. Der fekk dei delvis-completed oppdraget etter ein lengre samtale med Helga-Olga. Dei blei også åtvara mot å ha noko kontakt med desse forksrane då dei ryktas å ha kontakt med noko overnaturleg og ei gruppe som jobbar extraplanert.

Dei samla seg så nede på kaien der dei blei møtt av ei flyande maskin som kom inn frå nord og landa på sjøen. Dei traff Zwei Zehn som dei ga 20gp for å vere pilot for dei ei stund. Guunar og Koppen fekk seg sjølv arrestert i det dei prøvde å befri Kogel, og dei endte opp med å rømme. I full fart stakk dei av frå politiet, og fekk akkurat tatt av før dei blei tatt igjen. Flyet ronga vestover og her slutta sesjen...

Campaign
Skatten i Nagár
Protagonists
Report Date
23 Sep 2025
Primary Location
Portád